Stad kommune - Framlegg til budsjett 2022 – Handlingsprogram 2022-2025

Stad kommune - Framlegg til budsjett 2022 – Handlingsprogram 2022-2025

Framlegg til budsjett 2022, handlingsprogram 2022-2025 og varsel om endring i kommunale gebyr og betalingssatsar i Stad kommune frå 01.01.2022.

Stad kommune – Framlegg til budsjett 2022

Stad formannskap sitt framlegg til budsjett 2022 for Stad kommune vert i perioden 02.12.2021-16.12.2021 lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen på rådhuset, jf. kommunelova §14-3, 4. ledd. Du kan også sjå framlegget HER.

Stad kommune – Framlegg til handlingsprogram 2022-2025

Stad formannskap sitt framlegg til handlingsprogram for 2022-2025 for Stad kommune vert i perioden 02.12.2021-16.12.2021 lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen på Stad rådhus, jf. kommunelova §14-3, 4. ledd og plan- og bygningslova §11-4, 2. ledd. Du kan også sjå framlegget HER.

Stad kommune – Varsel om endring i kommunale gebyr og betalingssatsar frå 01.01.2022

Stad kommunestyre skal i samband med budsjetthandsaminga for 2022 vedta satsar for kommunale gebyr m.v. gjeldande frå 01.01.2022. Formannskapet si tilråding vert lagt ut til offentleg ettersyn saman med budsjett 2022. Du kan også sjå tilrådinga HER.

Stad kommune gjer vedtak i sakene i kommunestyremøte den 16.12.2021.

Evt. merknader må sendast skriftleg innan 15.12.2021 kl 12 til: 
post@stad.kommune.no eller til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid