Stad kommune - Framlegg til budsjett 2023 – handlingsprogram 2023-2026

Stad kommune - Framlegg til budsjett 2023 – handlingsprogram 2023-2026

Framlegg til budsjett 2023, handlingsprogram 2023-2026 og varsel om endring i kommunale gebyr og betalingssatsar i Stad kommune frå 01.01.2023.

Framlegg til budsjett 2023, handlingsprogram 2023-2026 og varsel om endring i kommunale gebyr og betalingssatsar i Stad kommune frå 01.01.2023.

Stad kommune – Framlegg til budsjett 2023

Stad formannskap sitt framlegg til budsjett 2023 for Stad kommune vert i perioden 01.12.2022-15.12.2022 lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen på Stad rådhus, jf. kommunelova §14-3, 4. ledd. Du kan også sjå framlegget HER.

Stad kommune – Framlegg til handlingsprogram 2023-2026

Stad formannskap sitt framlegg til handlingsprogram for 2023-2026 for Stad kommune vert i perioden 01.12.2022-15.12.2022 lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen på Stad rådhus, jf. kommunelova §14-3, 4. ledd og plan- og bygningslova §11-4, 2. ledd. Du kan også sjå framlegget HER.

Stad kommune – Varsel om endring i kommunale gebyr og betalingssatsar frå 01.01.2023

Stad kommunestyre skal i samband med budsjetthandsaminga for 2023 vedta kommunale gebyr og betalingssatsar gjeldande frå 01.01.2023. Stad formannskapet sitt framlegg vert lagt ut til offentleg ettersyn saman med budsjett 2023. Du kan også sjå tilrådinga HER.

Stad kommune gjer vedtak i sakene i kommunestyremøte den 15.12.2022.

Evt. merknader må sendast skriftleg innan 14.12.2022 kl 12 til: 
post@stad.kommune.no eller til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid