Stad kommune - Framlegg til budsjett 2025 – Handlingsprogram 2025-2028Framlegg til budsjett 2025, handlingsprogram 2025-2028 og varsel om endring i kommunale gebyr og betalingssatsar i Stad kommune frå 01.01.2025Stad kommune – Framlegg til budsjett 2025Stad formannskap sitt framlegg til budsjett 2025 for Stad kommune vert i perioden 29.11.2024-13.12.2024 lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen på Stad rådhus og på kommunen si nettside stad.kommune.no, jf. kommunelova §14-3, 4. ledd.Stad kommune – Framlegg til handlingsprogram 2025-2028Stad formannskap sitt framlegg til handlingsprogram for 2025-2028 for Stad kommune vert i perioden 29.11.2024-13.12.2024 lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen på Stad rådhus og på kommunen si nettside stad.kommune.no, jf. kommunelova §14-3, 4. ledd og plan- og bygningslova §11-4, 2. ledd.Stad kommune – Varsel om auke i kommunale gebyr og betalingssatsar frå 01.01.2025Stad kommunestyre skal i samband med budsjetthandsaminga for 2025 vedta kommunale gebyr og betalingssatsar gjeldande frå 01.01.2025. Stad formannskap sitt framlegg til vedtak vert lagt ut til offentleg ettersyn saman med budsjett 2025.Stad kommune gjer vedtak i sakene i kommunestyremøte 13.12.2024.Evt. merknader må sendast skriftleg innan 12.12.2024 kl 12 til: post@stad.kommune.no eller til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid Publisert 28.11.2024 22.20 Sist endra 03.12.2024 10.53