Stad kommune - Kommunal kompensasjonsordning del II

Stad kommune har mottatt kr. 531 000,- i andre del av tildelinga av midlar til ein kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Hensikta og målet med tilskotet er å sette kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt rammet av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg støtte som kompenserer lokale verksemders kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging, støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar faller utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Stad kommune kan tilpasse kva slags verksemder ein kan støtte avhengig av den lokale situasjonen. 

Korleis søkje?

Søknad skal registrerast og sendast inn gjennom regionalforvaltning.no.https://regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?Ordning_Id=2729&Cookie=0

Støtta til bedrifter må verte gjeve i tråd med regelverket om offentlig støtte og bedriftstøtta kan verte gjeve etter reglane om bagatellmessig støtte. Næringsaktørar og verksemder skal vere registrert i Stad kommune.

Sak om tildeling frå kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder skal handsamast i Utvalet for kultur, idrett, samfunn og næring 8. juni 2021.

Søknadsfrist vert sett til 25. mai 2021.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål. 

Arild Vonheim 
Stad kommune 
90409929 
Arild.Vonheim@stad.kommune.no