Stad skipstunnel - Info- og dialogmøte Kjøde og Moldefjorden 28.-29. sept.

Stad kommune har nyleg sendt ut varsel om oppstart og høyring av planprogram for detaljregulering for næringsområda på Lesto og Kjøde, og detaljreguleringsplan for Stad skipstunnel har vore på høyring i sommar. Som ein del av prosessen med desse planane inviterer Kystverket og Stad kommune til informasjons- og medverknadsmøter 28.-29. september.

Møtestad:
28. september Moldestad Grendahus
29. september Kjøde skule
Møtetid: Kl 18.00-20.00.

Agenda for møta

  • Kystverket informerar frå prosjektet Stad skipstunnel; det vert generell informasjon med fokus på støy. Multiconsult sin rapport om anleggsstøy vert presentert og rapporten blir gjort tilgjengeleg på Kystverket sine nettsider i etterkant av møtet.
  • Informasjon om reguleringsplanane for Kjøde og Lesto næringsområder, og informasjon om reguleringsplanen for Stad skipstunnel.
  • Ideverkstad med fokus på arealbruk på entringsområda ved tunnelportalane.

Alle innbyggarar i Kjøde og i Moldefjorden er velkomen til å delta møtet! 

Det er sendt ut varsel om oppstart av planarbeid og forslag til planprogram for næringsområda i Kjøde og på Lesto. Det vil fram til 23. oktober vere høve til å sende inn merknader og innspel til planarbeida. Innspela kan sendast inn via lenkene til den einskilde plansaker under:

Detaljregulering næringsområde Kjøde: Her finn du plandok og kan gje innspel til den offentlege høyringa. 

Detaljregulering næringsområde Lesto: Her finn du plandok og kan gje innspel til den offentlege høyringa.