Status for covid-19-smitte i Stad kommune 6.12

Status for covid-19-smitte i Stad kommune 6.12

Her finn du oppdatert info om status for smittesituasjonen i Stad mandag 6.12:

Hogatunet bu- og behandlingssenter

Ved Hogatunet bu- og behandlingssenter vart det i førre veke påvist at fem bebuarar og ein tilsett ved ei avdeling («Fossen») hadde fått påvist covid-19. Dei siste dagane er det ikkje funne fleire nye smittetilfelle blant bebuarar eller tilsette. 

Nordfjordeid skule

Ved Nordfjordeid skule vart det i førre veke påvist covid-19-smitte hos til saman seks elevar. Dette var tre elevar i klasse 6A, to elevar i klasse 3B og ein elev i klasse 1C. Kommunen har undervegs delt ut hurtigtestar til heimetesting av medelevar i desse klassane, og det er ikkje påvist nye smittetilfelle blant desse dei siste dagane.  Dei siste dagane har elles to nye elevar fått påvist smitte. Dette er ein elev i klasse 1B og ein elev i klasse 4B. Smitten kan koplast til dei tidlegare smittetilfella, og smitten er truleg overført utanfor skulemiljøet.

Medelevar i dei aktuelle klassene vert rekna som øvrige nærkontaktar. Dei er ikkje pålagt karantene og kan halde fram i skule og barnehage som normalt så lenge dei er symptomfrie. Det er anbefalt at alle barn i klassen vert testa ein gong med heimetest (hurtigtest). Ved negativ hurtigtest, kan dei leve som normalt. Dei kan også gjerne testast på nytt etter eit par dagar. Vidare skal føresette følgje nøye med på barna sin helsetilstand dei neste ti døgna. Ved symptom skal barna haldast heime og teste seg på nytt igjen.

Samfunnet er i stor grad gjenopna etter at dei fleste vaksne og ungdommar har blitt vaksinerte og beskytta mot alvorleg sjukdom. Covid-19 er generelt lite farleg for barn og unge, og dei tilsette i skulen er i stor grad vaksinerte og beskytta. Tiltaka i skular og barnehagar i samband med covid-19-smitte har i samsvar med dette endra seg mykje samanlikna med det vi har vore vande med tidlegare i pandemien. Kvardagen i skule og barnehage held i stor grad fram som normalt.

Den generelle smittesituasjonen i kommunen

Den siste veka har ein avdekka mindre utbrot av smitte i enkelte miljø. I tillegg har det over tid vore nokre enkelttilfelle av smitte i kommunen. Desse vert også følgt opp etter gjeldande retningslinjer for isolasjon og tiltak for nærkontaktar. Det er ikkje haldepunkt for utbreidd «villsmitte» i lokalmiljøa i kommunen, men vi ser at smitten kan finne ulike vegar og at også fullvaksinerte kan verte smitta. Vi må vere budde på at covid-19-smitte i noko grad vil finnast i kommunen i tida framover. Derfor er det svært viktig at folk testar seg og held seg heime ved symptom. Dette gjeld også fullvaksinerte. På denne måten kan mogeleg covid-19-smitte oppdagast tidleg og ein kan førebygge vidare spreiing av viruset.

Det er nasjonale anbefalingar og reglar som gjeld i Stad kommune, og vi oppmodar alle om å følgje desse.