Status for jordskred langs Torheimsvegen

To geologar frå NVE er på plass for å vurdere skredområda. Dei startar no opp det førebuande arbeidet. Politiet opplyser at det ikkje vert noko avklaring på situasjonen før tysdag.

Stad kommune ved kommunalsjef Harald Sivertsen og Politiet ved Roger Gundersen heldt informasjonsmøte for evakuerte på Nordfjord hotell kl 15.30. Det vert nytt informasjonsmøte med politi og kommune på hotellet tysdag 31.01 kl 09.30.

Ei avgjersle om tilbakeflytting vert teken når området er vurdert av geologane og stadfesta trygt å vende tilbake til. Dette blir gjort av politiet i samråd med geologane. 

Kommunen har vore i kontakt med nokre av innbyggarane som er isolerte i grendene Hunvik, Torheim og Sørland. Innbyggjarane opplyser at dei etter høvet har det bra. Vi oppmodar sambygdingar om å halde kontakt med naboar.

Stad kommune vil informere på heimeside og Facebook når det ligg føre meir informasjon tysdag føremiddag.