Status for vasskvalitet i Stad kommune

Stad kommune driftar sju vassverk, og for alle desse vert det teke rutinemessige prøver av vasskvaliteten rundt om på ulike stader i ledningsnettet. Normalt er det god kvalitet på vatnet som vert levert frå alle desse vassverka. I dei siste 2-3 mnd har det vore utfordringar knytt til kvaliteten ved tre av vassverka.

Vassverka dette gjeld er Nordfjordeid, Ljådalsvatn (som forsyner Kjølsdalen) og Stadlandet vassverk. Her har eitt eller fleire prøveparameter hatt avvik frå grenseverdiane som er sette i Drikkevassforskrifta. For alle tre vassverka er det god kvalitet på vatnet når det går ut frå reinseanlegget, og det inneber at det er ute i ledningsnettet at noko skjer med vasskvaliteten.

Dei avvika som er registrerte er:

  • Koliforme bakteriar ved Stadlandet vassverk og litt på Ljådalsvatn vassverk.
    • Dette er ein type bakteriar som kan kome frå miljøet (vatn eller jord), men også frå tarm hos menneske og dyr. Sannsynleg kjelde hos oss er bakteriefilm på innsida av rør eller tankar, eller frå innlekkasje av ureinsa vatn. Koliforme bakteriar utgjer i liten grad fare for sjukdom, og må ikkje forvekslast med E. coli. Funn av koliforme bakteriar er åleine ikkje grunn for å iverksette kokevarsel.
  • Høgt kimtal ved Nordfjordeid vassverk og Ljådalsvatn vassverk
    • Kim er eit forstadium til bakterie, og indikerer at her er potensiale for bakterieutvikling i vatnet, dersom tilhøva ligg til rette for det. Noko kim er akseptabelt og naturleg i drikkevatn, men ikkje for mykje. Biofilm på innsida av rør og basseng kan vere ei kjelde til kim.

På Folkehelseinstituttet og Mattilsynet sine nettsider finn ein mykje god og klargjerande informasjon om kimtal og bakteriar.

Vår vurdering er at forekomsten av koliforme bakteriar og kimtal har samanheng med dei høge temperaturane vi har hatt i sommar, men at det åleine ikkje er årsak. Varmare vatn gjev godt grunnlag for bakterievekst, og sjølv om reinseanlegga verkar som dei skal, så oppstår det lettare groing og bakterieutvikling når vatnet held vesentleg høgare temperatur enn elles i året. Tiltaka som har blitt igangsett er fleire:

  • Fleire og oftare prøvetakingar
  • Klortilsetting
  • Utspyling av ledningsnett og vask av basseng
  • Auka sirkulasjon / gjennomstrøyming i ledningsnett og basseng

Det er viktig å understreke at vatnet er godt drikkande sjølv om det vert tilsett klor. Somme vil merke litt smak eller lukt av vatnet. Mange vassverk i landet klorar vatnet fast som ein del av reinseprosessen, og dette vart også gjort fast då Fossevatnet var kjelda til Nordfjordeid vassverk. Klortilsetting er ikkje eit hurtigverkande tiltak, men noko ein får effekt av i løpet av nokre veker.

Status for dei tre vassverka er no:

  • Stadlandet vassverk: første funn av koliforme bakteriar i mai, og mange tiltak har vore gjort. Gode prøver innimellom. Drikkevasskjelda Flødevatnet er sårbart ved lite nedbør, slik vi har hatt det i sommar. Dette har påverka kva tiltak vi har kunne sette i gang. Klortilsetting frå 18.juni. Ein kombinasjon av auka sirkulasjon og klor gjer at vi no ser betring, og siste prøvene var gode. Dersom prøvene i neste veke også er gode, vil kloringa verte avslutta.
  • Ljådalsvatn vassverk: funn av koliforme bakteriar og høgt kimtal frå august. Klortilsetting frå 13.august. Siste prøvene var gode. Dersom prøvene i neste veke også er gode, vil kloringa verte avslutta.
  • Nordfjordeid vassverk: høgt kimtal i deler av ledningsnettet frå juni. Mange tiltak med bassengvask, utspyling og liknande er gjort, seinast denne veka. Klortilsetting frå 28.juli. Betring i dei siste prøvene. Klortilsetting vert vidareført inntil vi har to gode prøver etter kvarandre.

Det pågår for tida arbeid med Temaplan for vassforsyning for Stad kommune, som vil verte ein 10-års plan for sikring og utvikling av vassforsyninga i kommunen. Erfaringane med tilhøva siste månadane vil naturleg verte lagt til grunn ved val og prioritering av tiltak, slik at vi sikrar god vasskvalitet og god forsyningssikkerheit i framtida også.  

Har du spørsmål ta kontakt med Hans Peter Eidseflot, einingsleiar for kommunalteknikk i Stad.

E-post: hans.eidseflot@stad.kommune.no