Til saman 12 personar har fått påvist covid-19-smitte etter eit arrangement på Nordfjordeid 25. november

Til saman 12 personar har fått påvist covid-19-smitte etter eit arrangement på Nordfjordeid 25. november

Tysdag ettermiddag fekk fem personar på Nordfjordeid påvist covid-19-smitte ved bruk av hurtigtest. Alle dei fem er i same husstand. Tysdag kveld og onsdag morgon har ein kartlagt og testa nærkontaktar.  

Familien deltok på eit arrangement på Nordfjordeid torsdag 25. november, og alle dei deltakande har blitt kontakta og oppmoda til å teste seg med hurtigtestar utdelt frå kommunen.

Dei fleste deltakande ved arrangementet er no testa, og ytterlegare sju personar har fått påvist smitte. Til saman har då 12 personar fått påvist smitte.  

Blant dei smitta er to elevar i klasse 6A, ein elev i klasse 3B og ein elev i klasse 1C ved Nordfjordeid skule. Føresette til medelevar i desse klassane får informasjon gjennom skulen.

Samfunnet er i stor grad gjenopna etter at dei fleste vaksne og ungdommar har blitt vaksinerte og beskytta mot alvorleg sjukdom. Covid-19 er generelt lite farleg for barn og unge, og dei tilsette i skulen er i stor grad vaksinerte og beskytta. Tiltaka i skular og barnehagar i samband med covid-19-smitte har i samsvar med dette endra seg mykje samanlikna med det vi har vore vande med tidlegare i pandemien. Kvardagen i skule og barnehage held i stor grad fram som normalt.

Medelevar i dei aktuelle klassene er ikkje pålagt karantene og kan halde fram i skule og barnehage som normalt så lenge dei er symptomfrie. Det er anbefalt at alle barn i klassen vert testa ein gong med heimetest (hurtigtest). Ved negativ hurtigtest, kan dei leve som normalt.  Vidare skal føresette følgje nøye med på barna sin helsetilstand dei neste ti døgna. Ved symptom skal barna haldast heime og teste seg på nytt.

Den opphavelege smittevegen i saka er usikker. Det er inga kjent kopling til smitte ved Hogatunet.

I tida framover ber vi alle innbyggjarar, også fullvaksinerte, vere nøye med å halde seg for seg sjølve og teste seg med heimetest (hurtigtest) ved teikn til luftvegsinfeksjon. På denne måten kan mogeleg covid-19-smitte oppdagast tidleg og ein kan førebygge vidare spreiing av viruset.

Smittesituasjonen i kommunen gir ikkje grunnlag for lokale tiltak utover gjeldande nasjonale råd og retningslinjer.