Tilskot til å inkludere heimebuande eldre i aktivitet - Søknadsfrist 27.12.2022

Stad kommune deler ut kr. 5000,- til 6. frivillige lag og organisasjonar som ønskjer å gjere ein ekstra innsats for å inkludere heimebuande eldre i sin aktivitet eller generelt i aktivitet i nærområdet vinteren/våren 2023.

 

Målet er at eldre som er/er i faresona for å isolere seg, verte inaktive eller manglar sosiale nettverk skal få bli med meir i aktivitet i sitt nærområdet. Vi ber aktuelle søkjarar om å fylle ut eit enkelt søknadsskjema. I tillegg skal dei som får tildelt midlar sende inn ein enkel undervegsrapport innan 20. februar 2023.

Skjemaet finner du her
Søknadsfrist 27. desember 2022.

 

Spørsmål om tilskotsordninga kan rettast til Eid Frivilligsentral  på tlf. 414 60 042 eller  Astrid Grete Torheim her

astrid.grete.torheim@stad.kommune.no