Tilskot til innovasjon og næringsutvikling i Vestland

Tilskot til innovasjon og næringsutvikling i Vestland

Vestland fylkeskommune har lyst ut midlar til innovasjon og næringsutvikling.

Det kan søkjast om delfinansiering til planlegging og gjennomføring av tilretteleggjande utviklingsprosjekt og tiltak som støttar opp under mål og strategiar i handlingsprogram for innovasjon og næringsutvikling i Vestland 2020.

Det skal søkjast gjennom www.regionalforvaltning.no, og heile utlysingsteksten finn de her.


I 2020 er det tre søknadsfristar.

Søknadane vert handsama av hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon:

  • Søknadsfrist 15. april: handsaming i møte 4. juni
  • Søknadsfrist 15. juni: handsaming i møte 16. september
  • Søknadsfrist 15. september: handsaming i møte 25. november

Dei jobbar framleis ut frå denne tidsplanen, men vi tek atterhald om den spesielle situasjonen vi alle er i no.

Informer gjerne andre om ordninga. Har de spørsmål er det berre å ta kontakt. Utfyllande kontaktinformasjon finn de også i lenkjene.