MELDING

Info om korona i Stad kommune


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

To nye personar smitta med covid-19 i Stad kommune 

To nye personar smitta med covid-19 i Stad kommune 

To nye personar har testa positivt for covid-19 i Stad kommune. Begge to er nærkontaktar til den tidlegare smitta som har vore på reise til Bergen, og dei var difor allereie sett i karantene. Dei er no i heimeisolasjon og alle nærkontaktane til desse to er sett i karantene og vil verte testa i dag.

Kommunen vil komme med ny informasjon ved vidare utvikling i saka etter som smittesporingsarbeidet og testinga held fram.

Ein har framleis ikkje funne grunnlag for lokale tiltak utover dei grunnleggande smitteverntiltaka og dei nasjonale retningslinjene. Aktivitet i skular, barnehagar og andre arbeidsplassar kan halde fram som før.

Kommunen ber alle som vert sjuke med feber og/eller luftvegssymptom om å ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime til dei har fått negativt svar på testen og føler seg friske. Alle vert oppmoda til å ha så få nærkontaktar som mogeleg i kvardagen, halde avstand til andre og ha god handhygiene.