Stad

Torheimsvegen fortsatt stengd etter jordskred

Torheimsvegen fortsatt stengd etter jordskred

Det har i løpet av søndag gått tre jord- og sørpeskred på sørsida av Eidsfjorden. Det største 50 meter breitt ved Taklo. Politi og brann har rykt ut og stadfesta at det ikkje er personskade. Totalt 40 personar er evakuerte frå området og innkvarterte på hotell eller hos familie.

Geolog er venta måndag ved 15-tida og det vil etter kvart bli gjort ei vurdering om evakueringa vert oppheva.

Kommuneleiinga er i dialog med politiet og NVE for meir informasjon om situasjonen.

For spørsmål ring kommunen sitt sentralbord nr 57 88 58 00.