Treng du sommarhjelp til di bedrift?

Nordfjordakademiet har akkurat lansert nettsida "Sommarjobb i Nordfjord". No kan du og di bedrift legge ut sommarjobbar slik at dei kjem med på sommarjobb.no.

Informasjon om korleis du gjer det finn du på nettsida sommarjobb.no

Sommarjobben din vil då dukke opp på ledige-sommarjobbar.

Det er allereie nesten 40 ungdomar som har meldt interesse for relevant sommarjobb i Nordfjord sjølv om ein ikkje er skikkeleg i gong med marknadsføringa mot dei unge.

Nordfjordakademiet startar denne marknadsføringa 1. februar so då har du fram til då til å få med din sommarjobb på sommarjobb.no.

Alle sommarjobb-kandidatane finn du under Arbeidsgjevar på nettsida.

Om du finn ein eller fleire spennande kandidatar kan du sende ei melding til @Nordfjordakademiet

Lykke til!