MELDING

Info om korona i Stad kommune


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

TV-aksjonen 2020 NRK - Eit hav av moglegheiter WWF

TV-aksjonen 2020 NRK - Eit hav av moglegheiter WWF

TV-aksjonen NRK 2020 går til WWF sitt arbeid for å hindre at plast hamnar i havet. TV-aksjonen går av stabelen 18. oktober og dei digitale bøssene er opne. Privatpersonar kan gje sitt bidrag til Stad kommune HER. Næringsliv, lag, organisasjonar og andre kan gje sitt bidrag HER. Her kan du sjå innsamlingsresultat for Stad kommune.  

Havet er fantastisk! Det er lungene til jorda, og det har gjeve liv til alt levande på planeten vår. Men no er havet truga. Åtte millionar tonn plast hamnar i havet, kvart einaste år. Plast som hamnar i havet blir ikkje brote ned. Den deler seg opp og blir til mikroplast. Dyre- og fiskelivet får dermed plast i systema sine, og vi får i oss plast gjennom maten vi et og lufta vi pustar inn.

Visste du at vi får i oss 5 gram plast i veka? Det tilsvarar vekta av eit kredittkort! Med konkrete tiltak der problema er størst skal årets TV-aksjon ta plastproblemet ved rota. Saman skal vi redusere plastutsleppa og ta vare på verdshava.

WWF
TV-aksjonen 2020 er tildelt WWF,  og er øyremerka arbeidet dei gjer for å hindre at plast hamnar i verdshava. Midlane skal mellom anna gå til å etablere og betre avfallssystem, samle inn og resirkulere søppel, kutte bruken av unødig plast og gje ei opplæring til elevar og lærarar om konsekvensen av plast for helse og miljø. 

Digitale bøsser
Ønskjer du som privatperson, lag og foreiningar å bli digital bøsseberar kan du melde deg på HER. Når registreringa er fullført, vil du automatisk få ei ferdiglaga Spleis som er di digitale bøsse. Denne kan du gjere meir personlig ved å endre namn og bilete om du ønskjer.

Bøssene er no opne, og den digitale bøsseberaren deler bøssa si i nettverka sine via sosiale medium, eller sender ei melding til kjente og kjære med oppmoding om å gje på bøssa. 

Her finn du oversikt over digitale bøsser i Stad.

Varaordførar Siri Sandvik og ordførar Alfred Bjørlo vil vere til stades på Alti Nordfjord torsdag kl 12-14 med ei fysisk bøsse om nokon ønsker å gje fysiske pengar. Det er også fysiske bøsser på frivilligsentralane i Selje og Nordfjordeid.

Konsertar
Opera Nordfjord arrangerer kvart år ein konsert til inntekt for TV-aksjonen midt i dei hektiske operavekene. Torsdag 8. oktober inviterte dei til ein stemningsfull konsert i Eid kyrkje.

Det er konsert til inntekt for TV-aksjonen ute ved havet - for havet i Selje kyrkje på sjølve aksjonsdagen, søndag 18. oktober kl 17.

Næringslivet
Onsdag 14. oktober er det klart for ein ordførarduell mellom Stad og Stryn til inntekt for TV-aksjonen! Ordførarar og varaordførarar i Stad og Stryn skal kjempe om å få flest mogleg bedrifter med på å støtte TV-aksjonen. 2 kommunar, 2 personar, 2 timar, til kamp mot plast i havet! 

Om der er bedrifter som ikkje får besøk av ein ordførar eller varaordførar så er det kjekt om de støttar TV-aksjonen, her kan du registrere di bedrift sitt bidrag.  

Hopp i havet! 
Ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik har eigne bøsser og lovar å bade i fjorden/havet for kvar kr 5.000 som dei får inn på sine bøsser.

Kommunekomité for TV-aksjonen i Stad
1. Kjølsdalen: Ståle Sandal
2. Stårheim: Geir Årvik
3. Hjelle - Nordsida: Geir Årvik
4. Haugen: Anita Hoddevik
5. Os -Torheim: Jan Vidar Smenes
6. Nord bru - Holmøyane: Ruben Dalsbø
7. Heggjabygda: Siv Rotevatn
8. Lote-Hennebygda: Rita Karin Nyland
9. Skipenes til Nord bru: Ingebjørg Flyum Bjørlo
10. Flatraket (inkl Barmen t.o.m. Rundereim): Martin Nygård
11. Selje (og pollane til Rundereim inkl Kjøde t.o.m. Sandvik): Kjell Magnar Flølo
12. Stadlandet (frå Sandvik og bygdene i ytre): Jon Frogner