TV-aksjonen NRK 2022 Leger Uten Grenser 23. oktober 2022

TV-aksjonen NRK 2022 Leger Uten Grenser 23. oktober 2022

TV-aksjonen NRK 2022 er søndag 23. oktober og går til Leger Uten Grenser sitt arbeid for å gje livreddande helsehjelp og medisinar til menneske som treng det mest.

Med årets TV-aksjon skal vi bidra til å forebygge epidemiar og behandle kjente og ukjente sjukdomar i fire land: Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone. Vi skal gje vaksiner, tilgang på livreddande medisinar og legebehandling. I samarbeid med forskningsorganisasjonen DNDi skal delar av TV-aksjonsmidlane også brukast til å utvikle medisinar mot glemte, dødelige sykdommer. Saman reddar vi liv! Her finn du meir informasjon om årets TV-aksjon. 

Om du ikkje har kontantar når bøssebærarane kjem så kan du Vippse til 2133 så vil ditt bidrag kome med på Stad kommune si oversikt.

Næringsliv og lag/organisasjonar kan enkelt gje si støtte HER på giverstafett.no. Når du registrerer postnr. så vil ditt bidrag bli registrert på Stad kommune si oversikt. 

Rune Engeseth i Stad kommune har ansvaret for å koordinere arbeidet med TV-aksjonen og varaordførar Siri Sandvik er leiar for kommunekomitéen i Stad. I Stad kommune er det 90 elevar ved Fjordane Folkehøgskule som er bøssebærarar i Nordfjordeid sentrum. Om du har lyst å bli bøssebærar i ein av krinsane i Stad kommune kan du ta kontakt med den ansvarlege for din krins eller registrere deg direkte på blimed.no. Under finn du oversikt over medlemmene i Stad sin kommunekomité for TV-aksjonen NRK 2022: 

Kommunekomité TV-aksjonen NRK 2022

Kommunekomité TV-aksjonen NRK 2022
Krins Medlem Telefonnr
Kjølsdalen Ståle Sandal 91721074
Stårheim Geir Årvik 90622849
Hjelle-Nordsida Jorunn Elfrida Sandvik 90153756
Haugen Rune Engeseth 92236743
Os-Torheim Rune Engeseth 92236743
Nord bru-Holmøyane Ingebjørg Flyum Bjørlo 91639476
Heggjabygda Jorunn Elfrida Sandvik 90153756
Lote-Hennebygda Ruben Dalsbø 95056245
Skipenes til Nord bru Ingebjørg Flyum Bjørlo 91639476
Flatraket Martin Nygård 90719555
Selje Anita Otneim Hoddevik/ Kjell Magnar Flølo 99704572/ 48016492
Stadlandet Jon Frogner 92449111
Bryggja Solveig Midtbø 95265872
Nordfjordeid Elevar ved Fjordane Folkehøgskule
Leiar kommunekomité Stad Siri Sandvik 92643963