Undersøking av elver i Nordfjord vassområde

Undersøking av elver i Nordfjord vassområde

Kommunen deltar i år i ei undersøking av elvar. Undersøkinga er ein del av arbeidet for at alle innsjøar, elvar, kystområde og grunnvatn skal oppnå miljømål etter vassforskrifta.

Faun Naturforvaltning AS skal ta vassprøver og samle inn prøver av botndyr og algar. Dette vil vise miljøtilstand og gi ein peikepinn på eventuell ureining. Undersøkinga inngår i eit samarbeid i Vestland fylke mellom kommunar, fylkeskommunen og Statsforvaltaren.

Følgjande elver i Stad kommune inngår i arbeidet:

  • Stårheimselva
  • Hjalma nedre
  • Kjølsdalselva, nedre
  • Hoddevikelva
  • Sandeelva, Leikanger
  • Leikangerelva

 

Feltarbeidet vil foregå i perioden juni – november 2022.