Vaksinasjon av barn og unge

Regjeringa har etter ei anbefaling frå Folkehelseinstituttet opna for koronavaksine til barn i alderen 5-11 år, og andre dose til 12-15-åringar.

Unge født i 2003, 2004 og 2005 bør grunnvaksinerast med 2 dosar koronavaksine. Det skal gå 8-12 veker mellom dosane. Dei som er fylt 18 år kan få ein oppfriskingsdose 20 veker etter siste dose i grunnvaksineringa om dei ønskjer det.

Barn og unge i alderen 5-15 år med alvorleg grunnsjukdom bør grunnvaksinerast med 2 dosar koronavaksine. Det skal gå 8-12 veker mellom dosane.

Andre barn og unge født i 2006 til 2016 og dei i årskull 2017 som har fylt 5 år, kan no få tilbod om både 1 og 2 dosar koronavaksine om dei og føresette ønskjer det. Barn i alderen 5-11 år, vil få ei tilpassa barnevaksine frå Pfizer/BioNTech. Dersom ein vel å sette dose 2, bør denne settast meir enn 12 veker etter dose 1 for å minske risikoen for biverknader.

Koronavaksinen er ikkje godkjent for barn under 5 år.

For barn og unge i alderen 12 til 15 år vil dose 1 redusere den allereie lave risikoen for eit alvorleg forløp av covid-19. Dose 2 kan også ha positiv nytte, men tilleggseffekten er avgrensa sidan risiko for alvorleg sjukdom allereie er svært lav etter første vaksinedose.

For barn i alderen 5 til 11 år er vaksine særleg aktuelt for barn med kroniske sjukdommar, familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse, barn som har økt risiko fordi dei skal flytte til eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lever i ein svært utsett situasjon. For dei som vel vaksine, vurderer FHI at éin dose er det som gir best nytte-ulempebalanse for denne aldersgruppa.

For meir informasjon om anbefalt vaksinasjon for dei ulike aldersgruppene, sjå informasjon frå FHI: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksine/#vaksinasjon-av-barn-og-unge

Barn i alderen 5 til 11 år skal ha den tilpassa barnevaksinen. Barn og unge som er 12 år eller eldre får same vaksinen som vaksne.

Sjå informasjon om vaksinasjonsdagar og timebestilling her: https://stad.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/legeteneste/informasjon-korona/vaksinering-covid-19-2/

Alle barn og unge som ikkje har fylt 16 år, må ha samtykke frå begge føresette (alle med foreldreansvar). Utfylt samtykkeskjema og eigenerklæringsskjema må takast med til vaksinasjonslokalet.

Samtykkeskjema

Eigenerklæringsskjema