Vaksinestatus i Stad pr 23. september

86 % av dei vaksne er fullvaksinerte og 86% i aldersgruppa 12-17 år har fått fyrste dose.

Oppdaterte tal for Covid-19 vaksinasjon i Stad kommune, syner at 86% av alle over 18 år i Stad no er fullvaksinerte. Det er over landssnittet, som er på 83%. Så mange som 91% av alle over 18 år har fått fyrste vaksinedose (landssnitt 90%).

Stad kommune har dei siste vekene også gitt tilbod om vaksine til alle i aldersgruppa 12 til 17 år, og 86% av desse har no fått fyrste dose. Aldersgruppa 16-17 år vil få andre vaksinedose 8-12 veker etter første dose. Aldersgruppa 12-15 år vil berre få ein dose.

- Det er gledeleg at vi har så god oppslutning om vaksinasjonsprogrammet i Stad kommune, seier Kommuneoverlege i Stad, Thomas Vingen Vedeld og ordførar i Stad, Alfred Bjørlo. – VI vil ha god tilgang til vaksiner også i vekene framover, også til dei som enno ikkje har starta på vaksinasjonsprogrammet. Ei høg vaksinasjonsgrad er særs viktig for heile samfunnet, ikkje minst når vi no står framfor ei snarleg gjenopning av samfunnet, seier Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld. 

Her er oppdatert figur etter vaksinasjonar gjort denne veka (veke 38).

Over 18 år:

  • Dose 1: 91%  (landsgjennomsnitt 90%)
  • Fullvaksinerte: 86%  (landsgjennomsnitt 83%)