MELDING

Infoside om korona 


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Nye nasjonale koronatiltak frå 4. januar 2021

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Vår dag kjem no – godt nytt år!

Vår dag kjem no – godt nytt år!

Nyttårshelsing v/ordførar Alfred Bjørlo. 

2020 vart eit år kor alt vart snudd på hovudet. Eit år kor vi måtte finne nye måtar å handtere kvardagen på. Eit år i koronaes teikn.

Sjølv om 2021 startar traurig med nye nedstengingar og smitteverntiltak, så har eg trua på året som står for døra. Eg har trua på at livet blir betre. Eg trur Kongen har rett i det han sa i si nyttårstale, at «..kriser tvinger frem endringer som også kan bli både gode og nødvendige.»

For er det noko 2020 har synt oss, så er det kvalitetane i å kunne leve livet i gode «kvardagssamfunn» som det vi har i Stad og Nordfjord. I å ha plass rundt oss. Å kunne ha det vi treng nært. Å ha ei sterk dugnadsånd og eit rikt og mangfaldig lags- og organisasjonsliv. Å ha tiltru til kvarandre og samhald – som gjer at vi strekker oss langt for å hjelpe andre og stiller opp når det er nødvendig.

Så sjølv om fyrste året i Stad kommune vart annleis enn vi hadde trudd, fekk vi i alle fall sett på prøve sjølve samfunnsmålet for vår nye kommune: «Stad skal vere eit livskraftig og trygt lokalsamfunn der alle dreg i lag». Det har vi klart gjennom korona-krisa. Eg vil gje ein varm og hjarteleg takk til alle som har bidrege til det.

Eg trur vi i 2021 – takka vere dugnaden vi alle har vore med på -  vil kome ut av korona-krisa. Og når vi gjer det, så ser eg ei framtid i Stad og Nordfjord som er lysare enn nokonsinne. Eg trur fullt og fast vi kan bli den «Distriktspioneren» vi har sagt vi vil vere i vår nye Samfunnsplan for Stad kommune.

Året vi har bak oss, har opna augene til mange fleire for kvalitetane ved å bu på ein stad som Nordfjord framfor i og rundt dei største byane. Samtidig har store deler av arbeidslivet og utdannings-Noreg på rekordtid teke i bruk moglegheitene som ligg i digitalisering og ny teknologi. Det gjer at mange fleire enn før no kan velje å bu der dei drøymer om – ikkje berre flytte dit hovudkontoret til ein arbeidsgjevar eller studiestad tilfeldigvis er. I tillegg kjem ei rask omstilling frå fossil-økonomi til ein ny grøn økonomi som i stor grad er bygd på verdiar og sterke næringar i distrikts-Noreg.

Alt dette er godt nytt for Stad og Nordfjord. Og 2021 kan bli året der vi tek dei avgjerande stega vidare inn i denne nye framtida, bygd på plattformen, planane og strategiane vi har lagt dei siste åra.

For å gje nokre døme: 2021 blir året arbeidet med Stad Skipstunnel startar. Det vil revolusjonere sjøtransporten på Vestlandet, og gje ringverknader vi enno berre skrapar i overflata av. 2021 vil bli startskotet for nytt Selje Hotell, som vil bli reiselivs-fyrtårnet kysten i Nordfjord treng, og ein motor for vidare utvikling av Selje-samfunnet.

2021 vil bli året kor vi blir vertskap for «Statens Hus i distrikts-Noreg» og for neste byggesteg av Eid vidaregåande skule/Operahuset Nordfjord – kanskje også ei ny, stor satsing på eit campus-bygg for elektro- og automasjonsbransjen i Nordfjord. Det vil bli bygd ut landstraum for cruiseskip, og vi vil kome langt i utbygginga av fibernett til alle bygder og husstandar i kommunen. Og samarbeidet i Nordfjord vil berre bli tettare. Når 2021 er omme skal vi enno meir enn før stå samla ut mot omverda som éin felles bu- og arbeidsmarknadsregion, der du får det beste av det meste samla på eitt brett.

«Snart kommer vår dag», sa Statsministeren i si nyttårstale. For Stad og Nordfjord sin del vil eg gå enno lenger, og seie: «Vår dag er no». Godt nytt år!

Alfred Bjørlo, ordførar i Stad