Varsel om utviding av planområdet og melding om fastsett planprogram - Detaljregulering av Lesto næringsområde og utdjuping/mudring i Saltasundet-

Utval for areal og eigedom 29.11.2022, varsla i sak nr. 22/142 utvida planavgrensing for detaljregulering for Lesto næringsområde og utdjuping av Saltasundet. Planprogram vart samstundes fastsett.

Mål med planarbeidet

Detaljregulering for Lesto næringsområde skal leggje til rette for utvikling av eit næringsområde i Lesto ved bruk av massar som takast ut ved utbygging av Stad skipstunnel. Stad kommune har i kommunedelplan for sjøareal avsett eit framtidig deponi- og riggområde med etterbruk for næring og i Lesto. Kystverket har behov for å nytta dette området som deponi- og riggområde under utbygginga av Stad skipstunnel. Stad kommune har interesse av å overta ferdig utfylt og tilrettelagte offentleg næringsområde når Kystverket har avslutta
bruken av områda som riggplass i anleggsperioden.

Planarbeidet er framleis i ein tidlig fase. I vidare planarbeid skal det vurderast kva type næringsaktivitet som kan eigne seg i området etter at Stad skipstunnel er ferdigstilt. Kommunen meiner planområdet kan egne seg til ulike typar næring, til dømes næringsbebyggelse, djupvasskai/fleirbrukskai og hamneområde i sjø vest med tilhøyrande infrastruktur, småbåthavn med flytebrygge for fritidsbåtar, fiskerihamn med kai og flytebrygge for fiskebåtar (ikkje uttømande). Det er tenkt at Lestoneset skal utviklast som del av ein ny fiskerihamn for sjarkflåten i ytre delar av kommunen. Planen leggje til rette for ein ny flytebryggje og naudsynt infrastruktur og bygningar på land. Eksisterande veg fra fylkesveg 618 til kaia, vert lagt inn i plankartet.

Utvidinga av planavgrensinga bidreg bl.a. til at ein kan fastsetje byggjegrense mot veg og mot sjø for tiltak på land som
ligg innanfor 100- metersbeltet til sjø. Forslag til plangrense er satt vid for å sikre tilstrekkeleg areal for mudring og utdjuping, utfyllingsareal i sjø og eventuelle rassikringstiltak. Den endelege planavgrensinga vil tilpassast når utforminga av tiltak og
eventuelle sikringstiltak er nærare avklart. Planområdet omfattar heile eller delar av eigedomane gnr./bnr. 261/1, 264/2, 3, 4, 5, 7, 10, 13, 14 og 19, og gnr./bnr. 265/1,2, 3, 4, 5, 6, 9, 10.

Konsekvensutgreiing

På grunn av tiltak som kan få vesentlege verknader for miljø eller samfunn og som derfor er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing §§ 6b og 8a, er det sett krav om konsekvensutgreiing med planprogram. Planprogrammet inneheld føringar for konsekvensutgreiinga og det vidare planarbeidet.

Meir informasjon

Saksutgreiing, varsel om utviding av planavgrensing, fastsett planprogram og merknadsskjema som var handsama politisk kan de lese her: 

Detaljregulering for Lesto næringsområde og utdjuping av Saltasundet