Vasskvalitet i Stad kommune

Her kan du sjå orientering til utval for areal og eigedom om status for vasskvalitet i Stad kommune.

Stad kommune driftar sju vassverk, og for alle desse vert det teke rutinemessige prøver av vasskvaliteten rundt om på ulike stader i ledningsnettet. Normalt er det god kvalitet på vatnet som vert levert frå alle desse vassverka.

I dei siste 2-3 mnd har det vore utfordringar knytt til kvaliteten ved tre av vassverka, dvs at eitt eller fleire prøveparameter ikkje ligg innanfor grenseverdiane som er sette i Drikkevassforskrifta. Dei vassverka dette gjeld er Nordfjordeid, Ljådalsvatn (som forsyner Kjølsdalen) og Stadlandet vassverk. For alle tre vassverka er det god kvalitet på vatnet når det går ut frå reinseanlegget, og det inneber at det er ute i ledningsnettet at noko skjer med vasskvaliteten. 

Dei avvika som er registrerte er:
•    Koliforme bakteriar ved Stadlandet vassverk og litt på Ljådalsvatn vassverk
•    Høgt kimtal ved Nordfjordeid vassverk og Ljådalsvatn vassverk 

På Folkehelseinstituttet og Mattilsynet sine nettsider finn ein mykje god og klargjerande informasjon om kimtal og bakteriar. 

Vår vurdering er at forekomsten av koliforme bakteriar og kimtal har samanheng med dei høge temperaturane vi har hatt i sommar. Varmare vatn gjev godt grunnlag for bakterievekst, og sjølv om reinseanlegga verkar som dei skal, så oppstår det lettare groing og bakterieutvikling når vatnet held vesentleg høgare temperatur enn elles i året. Tiltaka som har blitt igangsett er fleire:
•    Fleire og oftare prøvetakingar
•    Klortilsetting
•    Utspyling av ledningsnett og vask av basseng
•    Auka sirkulasjon / gjennomstrøyming i ledningsnett og basseng

Det er viktig å understreke at vatnet er godt drikkande sjølv om det vert tilsett klor. Somme vil merke litt smak eller lukt av vatnet. 

Status for dei tre vassverka er no: 
•    Stadlandet vassverk: første funn av koliforme bakteriar i mai, og mange tiltak har vore gjort. Dei siste prøvene har vore gode. Dersom prøvene i neste veke også er gode, vil kloringa verte avslutta.
•    Ljådalsvatn vassverk: funn av koliforme bakteriar og høgt kimtal frå august.. Siste prøvene var gode. Dersom prøvene i neste veke også er gode, vil kloringa verte avslutta.
•    Nordfjordeid vassverk: høgt kimtal i deler av ledningsnettet frå juni. Betring i dei siste prøvene. Klortilsetting vert vidareført inntil vi har to gode prøver etter kvarandre. 

Det pågår for tida arbeid med Temaplan for vassforsyning for Stad kommune, som vil verte ein 10-års plan for sikring og utvikling av vassforsyninga i kommunen. Erfaringane med tilhøva siste månadane vil naturleg verte lagt til grunn ved val og prioritering av tiltak, slik at vi sikrar god vasskvalitet og god forsyningssikkerheit i framtida også.