Vegarbeid og asfaltarbeid i Skulevegen og Sjøgata

Vegarbeid og asfaltarbeid i Skulevegen og Sjøgata

Det føregår i dag asfaltfresing i Skulevegen ved Eid idrettshus og ei strekning ved Korsen-rundkøyringa.
Ein må rekne med noko venting ved fresing på strekning frå Korsen-rundkøyringa fram til hestesenter-vegen.

På onsdag vil det bli asfaltering av dei strekningane som no vert fresa.
 

 

I Sjøgata vert det frå tysdag kveld arbeidd med å løyse kumrammer i samband med re-asfaltering. Det vert sett markørar på kummar slik at ein skal unngå å køyre på kummar. Arbeidet med å løyse kumrammer vil føregå utover natta.

Vis omsyn i trafikken.