VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Velkomen til eit nytt år – velkomen til nye Stad!

Velkomen til eit nytt år – velkomen til nye Stad!

Nyttårshelsing frå ordførar Alfred Bjørlo til deg som innbyggjar i Stad kommune!

For å ha det godt, treng vi eit fellesskap rundt oss. Folk som stiller opp når vi treng det. Folk vi kan stille opp for når dei treng det. Familie, vener, naboar, arbeidskollegaer. Som Tarjei Vesaas skreiv: «Kvart menneske er ei øy. Så det må bruer til. Uendelege mange slags bruer.». 

Når Eid, Selje og Bryggja no går saman til nye Stad kommune, er mitt sterkaste ynskje at vi skal bli ein stad med bruer mellom menneske. I og utanfor staden vi bur på. At vi klarer å bli endå betre til å skape ting saman. Utnytte krafta som ligg i at vi bur på ein freda plett av jorda der vi har tillit til kvarandre, der mange av oss har littegrann tid og overskot i kvardagen til å hjelpe andre. Der vi ser at lokalsamfunnet heng saman. At dersom naboen, nabobedrifta, koret, idrettslaget eller nabokommunen lukkast, er det bra for oss også. 

Eg trur stadig fleire – unge og gamle – vil ynskje å bu på stader der det finst sterke bruer mellom menneske. Samtidig som det finst mangfald og fridom til å leve ulike liv. Der du blir akseptert uansett om du er svart eller kvit, homo eller hetero, kunstnar eller septiktømar. Eller alt på ein gong. 

Kanskje er eg naiv, men eg trur at det vi kan lukkast med i nye Stad er å foreine desse kvalitetane. Foreine bygda sine sterke bruer, band og dugnadskultur – og mangfaldet og fridomen til å vere annleis som typisk er det som lokkar ved dei store byane.  

Å få vere ordførar i Eid sidan 2011, har gjeve meg trua på at det er mogleg. Den rivande utviklinga vi har hatt i Eid dei siste åra, handlar om å sleppe folk til. Om ikkje å vere redd for endring. Om å heie på dei som satsar og vil noko – samtidig som det ligg eit trygt og godt lokalsamfunn i botnen. Om å leve på ein stad utanom storbyen med «toleranse for galskap» - som er vand til å sjå og leve med mangfald. 

Eg trur møtet mellom desse kvalitetane ved Eida-samfunnet og dei drivande, mangfaldige kystsamfunna i Selje kan bli noko nær ein perfekt match.  For framtida vil handle om kysten og havet. Stad kommune blir ein av dei tre største kystkommunane mellom Ålesund og Bergen. Vi blir bindeleddet mellom nye Vestland og Mørekysten både til havs og til land. Vi er ingen utkant. Vi ligg midt i leia, midt i matfatet, midt i framtida. 

For oss som er «innfødde eidarar», blir frå no av lakseprisen i Tokyo og kvotepolitikken i Chile like viktig for oss som landbruksoppgjeret. Vi må alle breidde ut perspektivet. Det har ingen vondt av. 

Det er lov å vere glad i «gamle Eid» og i «gamle Selje». Og Bryggja, som no går frå å vere ein utkant i Vågsøy til å bli eit midtpunkt i Stad. Vi skal vere stolte av historia vår – ta vare på ho og formidle ho vidare. 

Men frå no av skal vi skape historia saman. Og ei historie som fleire fortel, som fleire deler, får endå større kraft. Mitt mål er at historia om Stad skal bli historia om ein stad i endring. Som torer å ta stega inn i framtida – som klarer å bryte tyngdekrafta som stadig flyttar folk og ressursar inn mot dei store byane. 

Vi har det som skal til for å klare det. Men då må vi løfte saman. Vi må bygge dei bruene som Tarjei Vesaas skreiv om – og vere kloke nok til å nytte dei. 

Velkomen med på laget – velkomen til ein ny Stad! 

 

Alfred Bjørlo, ordførar i Stad

Stad kommune 1. januar 2020 
 

Kontakt

Alfred Bjørlo
Ordførar Stad kommune
E-post
Mobil 480 82 652