Velkomen til Hingsteutstillinga 2021!

Det er ei ære og glede som ordførar i Stad å få ønskje velkomen til Hingsteutstillinga 2021 på Nordfjordeid – i år med heile 47 hingstar i ringen!  

Hingsteutstillinga for fjordhest har vore arrangert på Nordfjordeid sidan 1886, og er årets viktigaste festdagar for fjordhestfolket.

Men ikkje berre det. Hingsteutstillinga tener eit føremål langt utover det å møtast og syne fram flotte hingstar. Hingsteutstillinga er nødvendig for at fjordhesten skal overleve inn i framtida. Det er her hingstane blir valde ut som skal føre rasen vidare, og sørge for at fjordhesten held fram å vere ein hest mange ynskjer å eige og bruke.

Fjordhesten er ein av verdas eldste og mest autentiske hesterasar. Hestane vi ser gå rundt i bygda i dag, er svært like dei vikingane brukte for over 1000 år sidan. I uminnelege tider var fjordhesten nødvendig i dagleglivet på gardane på Vestlandet. Då var også rasen si framtid trygg.

Som følgje av mekaniseringa av landbruket og skogbruket etter 1945, gjekk talet på fjordhestar raskt nedover. Fjordhesten gjekk frå å vere «allemannseige» til å bli ein utrydningstruga rase.

Dei siste åra har fjordhesten fått ein ny vår. Stadig fleire har oppdaga at fjordhesten er ein hest utanom det vanlege. Han er roleg og har godt temperament, er allsidig og kan brukast til det meste, er ein perfekt familiehest og passar til både rideskule, terapi, arbeid, fritid og sport.

Og gledeleg nok: Fjordhesten har blitt ein verdsborgar! Han finst no over heile verda, i til dels langt større tal enn i heimlandet Noreg. Interessa for – og etterspurnaden etter – fjordhestar er no langt større enn talet føl som vert fødde kvart år.

Dette er årsaka til at Hingsteutstillinga på Nordfjordeid også dreg eit internasjonalt publikum, og at dei beste hingstane kan få kjøparar frå heile verda.

Korona-situasjonen set sitt preg også på den tradisjonsrike Hingsteutstillinga. I fjor vart utstillinga for fyrste gong i fredstid avlyst. I år vert ho gjennomført med hingstane til stades på Nordfjordeid, men utan «fysisk publikum». I staden blir heile utstillinga strøyma på nettet – noko som paradoksalt nok gjer framsyninga av hingstane meir tilgjengeleg for fleire over heile verda enn nokon gong. Og sidan det ikkje var utstilling i fjor er talet stilte hingstar i år svært høgt: 47 hingstar skal i elden og vere blant dei som kan bli valde ut til å sikre fjordhesten si framtid.

Ein stor takk til alle som har stått på for å sørge for gjennomføring av Hingsteutstillinga 2021 i ei krevjande tid! Det har vore krevjande arbeid, men er gull verdt for både fjordhesten og Nordfjordeid som «fjordhesthovudtad». I 2022 satsar vi på at ikkje berre hingstane, men også publikum, kan ønskjast velkomne til Nordfjordeid igjen. Fjordhestfolket er sosiale, akkurat som hestane, og treng å møtes og bli kjende.

Lukke til med Hingsteutstillinga 2021 – fjordhestbygda Nordfjordeid er glade for at de er på plass!

Her kan du følgje utstillinga direkte.