MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Ved spørsmål om testing for koronavirus - ta koronasjekken eller kontakt fastlege/legevakt.

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Informasjon til reisande - div. informasjonsmateriell for distribusjon /ulike språk

Velkomen til ny nettstad!

Velkomen til ny nettstad!

Frå 1. januar 2020 er nettstaden for Stad kommune i drift. I løpet av januar vil det kome meir innhald og fleire funksjonar vil bli lagt til.

Ein kommunal nettstad inneheld mykje informasjon og skal dekke mange ulike behov. Vi har bygd nettstaden for ditt behov som innbyggar og for deg som driv næring i kommunen vår. Vi håper at de vil oppleve at nettstaden er lett å finne fram på og bruke.

Dette kjem

Vi jobbar fortsatt med innhaldet. Dagens nettstad er første fase, og meir utvikling innan sjølvbetening og digital dialog vil også kome. I februar vil vi mellom anna leggje til «Mi side». Der kan du logge inn og få tilgang til fleire digitale tenester. Her vil det kome meir innhald i løpet av 2020. 

Finn eg dei gamle nettstadane?

Dei gamle nettstadane til Eid og Selje skal leggast ned, men dette vil ikkje skje før i løpet av januar. Det same vil gjelde prosjektnettstaden stad2020. Innsyn for dei gamle kommunane vil vere tilgjengeleg på nettstaden til Stad kommune etter at dei gamle nettstadane er lagde ned.

Det vil vere ein overgangfase der digitale tenester vert stengt før vi opprettar nye mottak i Stad kommune. Sjå meir informasjon om dette under områdemeldinga øverst på framsida.

Vi treng dine tilbakemeldingar

For at nettstaden skal bli best mogleg, vil vi gjerne høyre frå deg. På sidene våre står det "Fann du det du leita etter?" Trykk "ja" eller "nei" og sei kva du meiner. Tilbakemeldingane er anonyme, du gir ikkje frå deg kontaktinformasjon. Dette vil vere til stor hjelp for oss!