Vellykka dialogmøte om samlokalisering for Statens hus

Torsdag 8. juni var eigedomsutviklarar inviterte til informasjonsmøte og dialogkonferanse om samlokaliseringsprosjektet Statens Hus, Nordfjordeid.

Bakgrunn for invitasjonen var å komme i dialog med aktørar som ønskjer å tilby utleige av fleksible og moderne lokale for eit framtidig statens hus. Dei aktuelle aktørane for statens hus på Nordfjordeid, politiet, Nav og Skatteetaten var alle på plass på Operahuset Nordfjord for å presentere sine behov for tilbydarane som møtte. I etterkant blei det gjennomført synfaring og dialogmøte med kvar enkelt av desse for å kartlegge potensiale.

‒ Det er svært lovande at såpass mange møtte og ønsker å vere med i vidare prosess. Det ser ut til å vere gode og solide tilbydarar, sa spesialrådgjevar i Statsbygg, Anne Marit Kielland Juel etter møta. Ho er godt fornøgd med responsen frå eigedomsutviklarar som har meldt interesse for utleige av lokale.

Statens hus er eit prosjekt i statleg regi og Statsbygg har ei rådgjevande rolle i samband med prosjektet, seier ass. kommunedirektør Kristine Dahl, som er prosjektleiar for Statens hus. Vi ser at potensialet og moglegheitane for samlokalisering er der. Det neste som skjer er at etatane skal jobbe med å spisse sitt behov og sjå på kva fellesfunksjonar som er mogleg å få til. Statsbygg har relevant fagkompetanse og vil samarbeide med leigetakarane om å utarbeide eit felles rom- og funksjonsprogram.

Konkurransegrunnlaget skal etter plan vere klart ved årsskiftet, slik at aktuelle tilbydarar kan levere sitt tilbod i første del av 2023. Det vil i forkant av dette bli ei prekvalifisering som potensielt vil føre til at nokon tilbydarar ikkje er med vidare på sjølve konkurransen.

Ein planlegg for innflytting i løpet av 2024.