MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Ver med på strandryddeveka 5.-20. september 2020!

Ver med på strandryddeveka 5.-20. september 2020!

Noregs største kollektive ryddedugnad skjer denne veka. Saman ryddar vi landet!

I veke 37 vert det ei generell oppmoding til rydding.


I veke 38 vert det eigne temadagar:

Måndag: Rydde «heime», oppmoding går ut til lag og organisasjonar om å rydde ved sine anlegg.
Tysdag: Barnas dag. Har invitert alle skular og barnehagar i kommunen til å delta.
Onsdag: Rydde på land. Vi fokuserer på sentrum. Handelstanden på Nordfjordeid vil mellom anna ha ryddeaksjon då.
Torsdag: Rydd med jobben. Oppmoding til alle arbeidsplassar om å rydde. Åslaug går føre og vil oppmode til rydding rundt rådhuset og rundt andre kommunale arbeidsplassar.
Fredag: Mikroplast. Meir info kjem.
Laurdag: Den store nasjonale strandryddedagen. Alle som vil er inviterte til å rydde.
 

Kvar i kommuna kan ein hente sekkar og kystlotterilodd?

- Kommunehuset på Eid
- Innbyggjartorget på kommunehuset i Selje
- Frivilligsentralen på Eid
- Gjenbruksstasjonen i Selje
- Gjenbruksstasjonen i Nordjordeid/Haugen


Kvar i kommuna kan ein levere sekkane når dei er fulle?

- Utplassert container nord for Sagaparken, rett på andre sida av elva
- Utplassert container ved Bryggja skule
- Utplassert container ved Myresanden på Drage
- Gjenbruksstasjonen på Selje
- Gjenbruksstasjonen i Nordjordeid/Haugen

Kystlotteriet, utlevering av lodd

Alle som hentar ein sekk skal også få med seg eit kystlotterilodd. Lodda leverast tilbake i lag med sekkane. Når ein leverer sekkane i konteinaren, kan ein ta eit bilete av sekken og ferdig utfylt lodd og sende direkte til Fjordane friluftsråd. Utfylde lodd kan også leverast tilbake der man henta sekkane. Så vil kommunens kontaktperson hente desse i ettertid.

Kontaktpersonar i Stad kommune

Hanne Marie Utvær, 91102779 (ansvarleg for container ved Myresanden på Drage)
Arild Vonheim, 90409929 (ansvarleg for container ved Bryggja skule)
Marte Sofie Søreide, 47690414 (ansvarleg for container i Eid)

Registrer ryddeaksjonen på nett når du ryddar

Alle som deltek i strandryddeveka må registrere seg i Ryddeportalen (ryddnorge.no). Då får du ein aksjonskode. Denne må gjevast når avfall leverast til ein av gjenbruksstasjonane.

Kva avfall kan puttast i sekkane?

Kun eigerlaust marint avfall skal leverast, altså avfall som forsøplar uteområde og som dermed kan ende opp i og langs vassdrag, strender og i havet. Du kan altså ikkje levere avfall frå eiga hushaldning. Avfallet du leverer i sekken vert handtert som restavfall.

NB: Dette må du legge i ein eigen sekk, eller levere ved sidan av sekken:

- Farleg avfall: batteri, lyspærer, olje, sprøytemiddel og kjemikalie
- Elektrisk og elektronisk avfall
- Avfall som har solide metallbitar
- Tauverk og not