MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

Info om vaksine og timebestilling 

Informasjon om KORONATESTING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Vi har ledige timar til koronavaksinasjon - bestill deg time til vaksinasjon no!

Vi har ledige timar til koronavaksinasjon - bestill deg time til vaksinasjon no!

Klikk for stort bilete Dei to kommande vekene (veke 30 og 31) har vi mykje ledige timar til første dose med koronavaksine. Alle over 18 år (fødde i 2003 eller tidlegare) kan no bestille seg time. Dette gjeld alle som ikkje har fått første vaksinedose enda.

 

Oppdatert informasjon om vaksinasjonsprogrammet og lenke til timebestilling finn du på denne sida: https://stad.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/legeteneste/informasjon-korona/vaksinering-covid-19-2/

Om du ikkje får til å bestille deg time i nettløysinga, kan du kontakte Stad kommune sin koronavaksinetelefon 94 81 87 30. Telefonen er open måndag, onsdag og torsdag kl 10-14. Dette kan gjelde personar som ikkje får til å nytte BankID, eller personar som har meldt flytting til Stad kommune dei siste månadane og difor ikkje er registrerte i nettløysinga sine innbyggjarlister.

Om du allereie har fått første vaksinedose og er tildelt time til andre dose, skal du ikkje gjere noko. Timar til andre vaksinedose går som planlagt 12 veker etter første dose. Om Folkehelseinstituttet seinare reduserer doseintervallet, vil dei som får flytta timane sine verte kontakta.

I hovudsak er det no personar i alderen 18 til 44 år som enda ikkje har fått første dose koronavaksine. I denne gruppa ser vi at det går langsamt med timebestillinga no i ferien. I Stad kommune er det framleis om lag 1300 personar i denne aldersgruppa som ikkje er vaksinerte eller har bestilt seg time til vaksinasjon.

FHI har gitt beskjed om at kommunar som ikkje får brukt tildelte dosar til vaksinering med første dose no i sommar, skal seie frå seg planlagde leveransar av vaksinar inntil vidare. Det er difor viktig at flest mogeleg i Stad kommune nyttar seg av høvet til å få sin første vaksinedose dei kommande vekene. Stad kommune kan elles måtte komme til å seie frå seg planlagt leveranse av om lag 650 dosar i veke 32. Kommunane skal inntil vidare ikkje bruke tildelte dosar til å framskunde vaksinasjon med dose to. Vaksinar skal i staden fordelast til andre kommunar som ikkje er kome like langt i vaksinasjonen og har større etterspurnad etter første dose.

Frå starten av september vil mykje av dosane vi får tildelt gå til vaksinasjonar med andre dose. Det er difor svært viktig at flest mogeleg no nyttar høvet til å få sin første vaksinedose dei kommande vekene.