Detaljregulering av for massetak og næringsområde på Kviane - melding om vedtakKommunestyret i Stad kommune vedtok i møte 10.12.2020 sak 20/183 - Detaljregulering for massetak og næringsområde for Kviane. Detaljreguleringa for Kviane med planID 2017003 gjeld utviding av eit allereie etablert masseuttak. Reguleringa inneber også at gammal reguleringsplan for masseuttak/næringsområde på Nor – PlanID 2001009 opphevast.Kva er ein reguleringsplan?Ein reguleringsplan består av ei planomtale og juridisk bindande plankart og føresegner, jf. plan- og bygningslova kapittel 12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.Informasjon om reguleringsplanenPlandokumenta saman med vedtak av planen finn du i kommunen sitt digitale planregister. I saksutgreiinga kan du finne meir informasjon om sjølve vedtaket og vurdering av innspel til planarbeidet. I kommunedirektøren si innstilling til vedtak var det feilaktig referert til planID for planen som er oppheva. Stad kommune fatta 16.12.2020 vedtak om mindre endring av reguleringsplanen slik at riktig PlanID vart ført på vedtaket av 10.12.2020. Innhald og føremål med detaljreguleringa er ikkje endra.I planregisteret finn du: Vedtak frå Stad kommunestyre av 10.12.2020 Vedtak om mindre endring av reguleringsplanen av 16.12.2020 (sjå under "Mindre endringer"!) Detaljreguleringsplan for massetak og næringsområde Kviane: Planomtale Føresegner, oppdatert 13.11.2020 Plankart, oppdatert 10.07.2020 Flaum- og flaumsoneberekning, revidert 04.11.2020 Ros-analyse, datert 28.08.2019 Varslingsbrev, datert 25.09.2017 Oppsummering av innspel, sist datert 15.08.2019 3D bilder Nor Kviane Norsand AS 20190528 Dersom de ønskjer ei utskrift av dokumenta, kan de ta kontakt med Stad kommune på tlf. 57 88 58 00. Publisert19.12.2020 07.00 Sist endra18.12.2020 15.10