Detaljregulering for Nordøyrane del 2 - høyring og offentleg ettersyn

Detaljregulering for Nordøyrane del 2 - høyring og offentleg ettersyn

Utval for areal og eigedom vedtok 29. november å legge detaljregulering for Nordøyrane del 2 ut til offentleg ettersyn.

Skisse av framtidig situasjon på Nordøyrane. Illustrasjon: ARKI Arkitektar as

Utval for areal og eigedom gjorde følgjande vedtak i sak UAE-22/144:

Forslag til detaljreguleringsplan for Nordøyrane del 2 blir sendt på høyring og lagt ut til
offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11. Det vert teke
atterhald om at kommunen kan kome med krav om justeringar i høyringsperioden.

Offentleg ettersyn

Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.

Planforslaget

Planforslaget er ei vidareutvikling av Normatic sine næringsareal nord for Prestelva (Fargarelva) i Nordfjordeid sentrum. Siktemålet med planen er å legge til rette for utvikling av sentrumsbustadar og offentleg/privat tenesteyting i eit attraktivt og sentrumsnært område.

Planområdet er på 26,7 daa og omfattar gbnr. 43/55, 43/115, 45/144 og delar av gbnr. 43/37, 43/84, 43/93 og 43/411. Planen er utarbeidd av Norconsult.

Plandokument, tilhøyrande rapportar og vedlegg finn du på høyringssaka:

22/5259 - Offentleg høyring - Detaljregulering for Nordøyrane del 2 - offentleg ettersyn - Høyringsfrist 17.01.2023

Merknader til planforslaget

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget, til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar. Send uttale via merknadsskjema på lenkja over.

Alternativt kan du sende uttale per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Fristen for å kome med uttale er 17. januar 2023.