MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Detaljregulering for utviding av Mogrenda bustadfelt - Kunngjering av vedtak

Detaljregulering for utviding av Mogrenda bustadfelt - Kunngjering av vedtak

Kommunestyret i Stad vedtok i møte 7. mai 2020 detaljregulering for utviding av Mogrenda bustadfelt - K-sak 20/064.

Formålet med detaljreguleringa er å legge til rette for bustadbygging på gnr. 56 bnr. 45, nord for Mogrenda bustadfelt.

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan består av ei planomtale og juridisk bindande plankart og føresegner, jf. plan- og bygningslova kapittel 12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Informasjon om reguleringsplanen

I saksutgreiinga kan du finne meir informasjon om sjølve vedtaket og vurdering av innspel til planarbeidet. Vedtak, plankart, føresegner og andre dokument som vedkjem detaljreguleringa finn du i kommunen sitt digitale planregister. Der finn du:

  • Saksutgreiing K-sak 20/064
  • Detaljregulering for utviding av Mogrenda bustadfelt
    • Planomtale
    • Plankart
    • Føresegner
    • Støyrapport m/kartvedlegg
    • Brev frå Forsvarsbygg vedk. trekking av motsegn

Dersom de ønskjer ei utskrift av dokumenta, kan de ta kontakt med Stad kommune på tlf. 57 88 58 00.