Detaljreguleringsplan for Selje hotell - kunngjering av planvedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vart detaljreguleringsplan for Selje hotell med planID 2020005 vedteken av kommunestyret i Stad i sak 22/060 den 12. april 2022. 

Formålet med planen er å få ei framtidsretta utbygging av ein sentral del av Selje sentrum. Reguleringsplanen legg til rette for nytt hotellbygg med betra utnytting og gjer det mogleg med tilkopling til ny svømmehall.

KS- 22/060 Vedtak:

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljreguleringsplan for Selje hotell, gbnr. 256/85 m.fl. vedteken, med følgjande tillegg: 1. Omsynet til allmenne interesser slik som sikt mot havet, og innsyn til bygda frå sjøen er viktig. Siktlinjer må sikrast i tilsvarande grad som teikningane/illustrasjonane viser i denne saka.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast i medhald av plan- og bygningsloven §1-9. Ei eventuell klage må rettast skriftleg til Stad kommune per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, innan 10. juni 2022.

Sjå dokumenta i saka her:

Saksframlegg med vedtak og alle plandokumenta