MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Ekstraordinært kommunalt næringsfond som følgje av covid-19.

Ekstraordinært kommunalt næringsfond som følgje av covid-19.

  Søknadsfrist 20.august 2020

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om Covid -19 næringsstøtte i Stad kommune 2020

Covid 19-utbrotet har gitt store utfordringar for næringslivet i mange kommunar. Regjeringa foreslo, i krisepakke fase 3 for 2020, å setje av pengar til kommunale næringsfond. Saka blei endelig behandla og vedtatt av Stortinget. Vestland fylkeskommune har fått tildelt kr 75,3 millioner til uavkorta fordeling til kommunane. Av dette har Stad kommune fått kr 1 657 680 til fordeling lokalt. Midlane skal setje kommunane i stand til å leggje til rette for auka aktivitet, sysselsettjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

 

Kven kan søkje om støtte?

Støtta kan verte gjeve til bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig for å motverke negative verknader av koronavirusutbrotet, kor ein vektlegg betydningen for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet.

Støtta til bedrifter må verte gjeve i tråd med regelverket om offentlig støtte og bedriftstøtta kan verte gjeve etter reglane om bagatellmessig støtte.

Bedrifter, etablerare eller næringsaktørar skal vere registrert i Stad kommune.

Korleis søkje?

Søknad skal registrerast og sendast inn gjennom www.regionalforvaltning.no.

Søknadsfrist vert sett til 20.august 2020. Sak om tildeling av ekstraordinært kommunalt næringfond skal handsamast i Utvalet for kultur, idrett, samfunn og næring 1.september 2020.

Laupande frist etter dette dersom det er midlar igjen.

Søknaden skal bl.a. oppgje kontaktopplysningar, herunder prosjektets beliggenhet, bedriftens størrelse, beskrivelse av tiltaket, herunder mål og start-/sluttdato, målgruppe, samt informasjon om budsjett. Det må også oppgis om det på søknadstidspunktet er mottatt anna offentleg støtte inneværende og to siste rekneskapsår.

 

Vurdering av søknadar

I vurderinga av søknadane skal det leggjast særleg vekt på:

  • tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
  • tiltak som motverkar negative verknader av covid-19-utbrotet
  • tiltak som kjem raskt i gang

Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstige 75 prosent.

Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet

 

Kontaktperson: 

Navn: Arild Vonheim

E-post: arild.vonheim@stad.kommune.no

Tlf: 90 40 99 29