Gje innspel til ny kommunedelplan for helse og omsorg

Gje innspel til ny kommunedelplan for helse og omsorg

Formannskapet i Stad kommune vedtok 24. mars 2022 å starte opp arbeidet med kommunedelplan for hele og omsorg 2023-2035, og å legge ut forslag til planprogram til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel er 20. mai 2022.  

Gje innspel innan 20. mai 

Fram til 20 mai 2022 ligg planprogrammet ute til offentleg ettersyn. I denne perioden kan du gje innspel til både planarbeidet og til forslag til planprogram som gjev føringar for tema og prosess i planarbeidet. 

  • Innspel til planprogrammet vil bli spelt inn til politisk behandling for vedtak av planprogram i juni 2022. 
  • Innspel til planarbeidet vil bli tatt med vidare i planarbeidet. Følg med når sjølve planen vert lagt ut til offentleg ettersyn seinare i prosessen. 

Dersom du har meiningar om Stad kommune sin helse- og omsorgspolitikk er det viktig å involvere seg i dette planarbeidet, både med dine perspektiv og synspunkt. Kommunedelplanen for helse og omsorg 2023-2035 vil vere førande for Stad kommunen sine prioriteringar og satsingar innanfor dette området. 

Både innbyggarar og lokale lag og organisasjonar vert spesielt oppfordra til å involvere seg. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan.

Du kan gje skriftleg innspel både til planarbeidet og til forslag til planprogram via 

Elektronisk innspelskjema

  • E-post: Merk med innspel til med innspel til forslag til planprogram for kommunedelplan for helse og omsorg, send til post@stad.kommune.no 
  • Brev: Merk med innspel til med innspel til forslag til planprogram for kommunedelplan for helse og omsorg, send til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. 

Takk for at du bidrar med dine innspel. 

Forslag til planprogram 

Planprogrammet er eit eige arbeidsdokument, som ikkje må forvekslast med sjølve kommunedelplanen. I planprogrammet er det gjort nærare greie for bakgrunn, formål, korleis ein tenkjer å legge til rette for medverknad i planprosessen, korleis planarbeidet skal organiserast og kva framdriftsplan ein legg opp til. Formålet med ein kommunedelplan for helse og omsorg er å følge opp kommuneplanen sin samfunnsdel, og få på plass eit strategisk verktøy for å sikre god helse og omsorg i Stad kommune. 

Formålet med offentleg ettersyn av forslag til planprogram er å hente inn synspunkt på planarbeidet før endeleg vedtak av planprogrammet i formannskapet, slik at ein får høve til å justere kurs tidleg i planarbeidet.  

Vi set pris på om du les forslag til planprogram og nyttar det som grunnlag for å kome med innspel. 

Forslag til planprogram (PDF, 2 MB) 

Vidare behandling 

Når fristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planprogrammet for kommunedelplan for helse og omsorg vert lagt fram for endeleg behandling i juni 2022. Arbeidet med sjølve planen vil halde fram til neste år. 

Illustrasjon av viktige medverknadsaktivitetar i planarbeidet Stad kommune