Har du innspel til bustadpolitisk temaplan for Stad kommune?

Har du innspel til bustadpolitisk temaplan for Stad kommune?

Formannskapet i Stad kommune vedtok 20. oktober 2022 å legge ut forslag til bustadpolitisk handlingsplan til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel er 15. november 2022. 

Forslag til ny temaplan

Planen vert no lagt ut til offentleg ettersyn for å sikre at innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og andre interessentar får høve til å uttale seg før endeleg vedtak. Alle er velkomne til å gje sine innspel til planforslaget. Om du har synspunkt på satsingane og prioriteringane i planforslaget, kan du innan 15. november kome med innspel.

Forslag til bustadpolitisk handlingsplan 2022-2035 (PDF, 859 kB)

Kunnskapsgrunnlag bustadpolitisk handlingsplan (PDF, 3 MB)

Utfyllande informasjon med tilhøyrande bakgrunnsdokument er å finne i den politiske saka, F-sak 22/111.

Kva ønskjer vi innspel på?

Vi ønskjer tilbakemeldingar på både innhald og prioriteringar.

Formålet med offentleg ettersyn av forslag til planprogram er å hente inn synspunkt på planforslaget før endeleg vedtak av plan i kommunestyret.

Vi set pris på om du les planforslaget og kunnskapsgrunnlaget og nyttar det som grunnlag for å kome med innspel.

  • Er mål og strategiar rette med tanke på kommunen sine utfordringar?
  • Korleis kan vi betre legge til rette for alle innbyggjarane sine behov knytt til bustad vert dekka?

Korleis gje innspel?

Du kan gje skriftleg innspel til planforslaget via

Elektronisk innspelskjema

  • E-post: Merk med innspel til forslag til bustadpolitisk handlingsplan, send til post@stad.kommune.no
  • Brev: Merk med innspel til forslag til bustadpolitisk handlingsplan, send til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Takk for at du bidrar med dine innspel.

 

Vidare behandling

Når fristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planen vert lagt fram for endeleg behandling i desember 2022.