Høyring av rusmiddelpolitisk handlingsplan og forskrift om sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk og om opningstider for serveringsstadar i Stad kommune

Høyring av rusmiddelpolitisk handlingsplan og forskrift om sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk og om opningstider for serveringsstadar i Stad kommune

Stad kommune har starta opp arbeidet med rusmiddelpolitisk handlingsplan 2020-2023 og med forskrift om sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk og om opningstider for serveringsstadar i Stad kommune. Forslag til forskrift og rusmiddelpolitisk handlingsplan vert no sendt ut på høyring for at interessentar skal få uttale seg før endeleg vedtak.

Høyringa består av to dokument:

 

 
Innhaldet i rusmiddelpolitisk handlingsplan bygger på tidlegare planar i Eid og Selje. Planen er fagleg oppdatert og ressurspersonar i kommunen har bidrege til dette. Forskrifta bygger på planen, og har føresegner som føl av alkohollova og serveringslova. Vedlagt planen ligg eit eige kunnskapsgrunnlag som gjev djupare innsikt innan rusfeltet. Det er og vedlagt eigne retningslinjer som skal vere til nytte når kommunen skal vurdere å gi sals- og skjenkeløyve.
 
Kom med innspel innan 22. mai
Viss du har innspel til forskrifta eller tema du meiner er viktige å ta med i planen, sender du eit skriftleg innspel via e-post til post@stad.kommune.no  eller via post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid innan 22. mai 2020. Merk med: «Uttale til rusmiddelpolitisk handlingsplan og forskrift for Stad kommune».
 
Kven kan uttale seg – og om kva?
Alle interesserte kan uttale seg – både privatpersonar, interesseorganisasjonar, næringsliv og formelle høyringsinstansar. Vi ønsker å få inn ulike synspunkt og innspel, både frå dei som støttar planforslaget, og frå dei som er kritiske til dette. Det same gjeld for forskrifta. Det er viktig å få fram både positive og negative synspunkt, slik at saka vert skikkeleg opplyst i samband med politisk behandling for endeleg vedtak av rusmiddelpolitisk plan og forskrift.
 
Vidare behandling
Når høyringsfristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planen og forskrifta vert lagt fram for endeleg behandling. Det er lagt opp til vedtak av rusmiddelpolitisk handlingsplan og forskrift om sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk og om opningstider for serveringsstadar i Stad kommune, i juni 2020.