MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Høyring og offentleg ettersyn - Avgrensa revisjon - Kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 - Bustadutvikling for Haugen

Høyring og offentleg ettersyn - Avgrensa revisjon - Kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 - Bustadutvikling for Haugen

I medhald av Plan- og bygningsloven (pbl) § 11-14, vedtok Formannskapet i møte 03.09.2020 i sak F-20/109, å legge forslag til avgrensa revisjon av kommuneplanen sin arealdel for Eid 2015-2027 ut til høyring og offentleg ettersyn.

Vedtak: 
"Forslag til avgrensa revisjon av kommuneplanen sin arealdel for Eid 2015-2027, vert i medhald av Plan- og bygningsloven § 11-14. lagt ut til offentleg ettersyn."

Føremålet med planrevisjonen er å legge til rette for bustadutvikling på Haugen. 
Det er lagt vekt på å finne fram til dei områda der folk ynskjer å bu, og som samtidig er interessante og realistiske for private utbyggarar og kommunen å utvikle.  
Før ein kan bygge ut områda som er avsett til bustad i revisjonen av kommuneplanen sin arealdel 2015-2027, må det utarbeidast reguleringsplan i medhald av kap. 12 i plan- og bygningslova. Dette er fordi kommuneplanen sin arealdel er ein grovmaska plan som ikkje i tilstrekkeleg grad gjer greie for detaljar som til dømes tomtestruktur, interne vegar, byggehøgder og utnyttingsgrad.

Plandokument og saksutgreiing finn du i kommunen si innsynsløysing.

Merknader til planframlegget kan sendast til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, eller med e-post til post@stad.kommune.no, innan 06.11.2020.