MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

Info om vaksine og timebestilling 

Informasjon om KORONATESTING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Kommunedelplan for oppvekst – forslag til planprogram til offentleg ettersyn

Kommunedelplan for oppvekst – forslag til planprogram til offentleg ettersyn

Stad formannskap har vedteke oppstart av arbeidet med kommunedelplan for oppvekst og å legge ut forslag til planprogram til offentleg ettersyn. I planprogrammet vert rammene for planarbeidet fastsett.

Eit planprogram er eit eige arbeidsdokument, som ikkje må forvekslast med sjølve kommunedelplanen. I planprogrammet er det gjort nærare greie for bakgrunn, formål, korleis ein tenkjer å legge til rette for medverknad i planprosessen, korleis planarbeidet skal organiserast og kva framdriftsplan ein legg opp til. Formålet med ein kommunedelplan for oppvekst er å få på plass eit strategisk verktøy for å sikre ein god oppvekst i Stad kommune.

Sei di meining innan 01. juli!

Vi ønsker innspel til planarbeidet og innspel til planprogrammet. Send skriftleg innspel via

Elektronisk innspelsskjema

Når høyringsfristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planprogrammet for kommunedelplan for oppvekst vert lagt fram for endeleg behandling. Arbeidet med sjølve planen vil halde fram til neste år.