Kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune 2022 - 2032 - kunngjering av planvedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 11-15 vart kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune 2022 – 2032 vedteken 17.02.2022 i KS-sak 22/017. 

Som vedtaket viser er det reist motsegn mot planen jf. pbl § 5-4.  Kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune har likevel rettsverknad jf. pbl § 11-16. Det vil seie at kart, teiknforklaringar og føresegner til planen er juridisk bindande med unntak av

 - følgande areal som det er reist motsegn mot:

  • VHS01 Leikanger hamn
  • BA05 Skorge
  • BA22 Lesto
  • BN23 Moldestad
     

 - og følgande føresegner det er reist motsegn mot:

  • Føresegn 5.1, bokstavpunkta c, e, f, g, h, i og j.
  • Føresegn 1.7.3 nr 4.

Stad kommune har sendt førespurnad til Statsforvaltaren i Vestland der vi ber om mekling om motsegnspunkta.

Les heile vedtaket her:

Med heimel i plan- og bygningslova § 11-15 vert kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune 2022 – 2032 vedteken i samsvar med kommunedirektøren si tilråding, med tillegg av nytt avsnitt 2 og 3: Område BN22 Lestovika - Eide vert førebels ikkje teke ut av planen i påvente av Informasjonssak om Lesto som kjem opp i møtet 31/3 etter drøftingar med Kystverket er gjennomført.

Kommunestyret vurderer begge forprosjekta og bestemmer kva område ein meiner er det beste området for nytt næringsareal i Stad kommune. Det skal avgjerast i kommunestyremøte 31 mars 2022.

Følgjande fullmakter vert gjevne til kommunedirektøren:

  • Fullmakt til å utføre redaksjonelle endringar og oppdatere føresegner og plankart i tråd med vedtaket.
  • Fullmakt til å oppdatere følgjande dokument slik at dei samsvarar med vedtak og tilhøyrande saksutgreiing: - Planomtale - Konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse

Stad kommune ber om mekling for følgande områder i planen som det er varsla motsegn mot:

  • VHS01 Leikanger hamn
  • BA05 Skorge
  • BA22 Lesto
  • BN23 Moldestad
  • Føresegn 5.1, bokstavpunkta c, e, f, g, h, i og j.
  • Føresegn 1.7.3 nr 4.

Tillegg til føresegn 5.1.d): Dersom fortøyingsanalysen syner at nokre ankringspunkt må ligge grunnare enn 25 meter for å ivareta tryggleiken til anlegget, kan djupnekravet i særskilde tilfelle fråvikast.

Vedtaket kan ikkje klagast på, jf. lov om planlegging og byggesaksbehandling av 27. juni 2008 (plan- og bygningsloven) § 11-15.

Kart med teiknforklaringar og føresegner er juridisk bindande. Alle vedlegga til planen finn du her:

Føresegner - Kommunedelplan for sjøareal (PDF, 402 kB)

Teiknforklaring - Kommunedelplan for sjøareal (PDF, 2 MB)

Plankart - Kommunedelplan for sjøareal (PDF, 5 MB)

Plankart Stadhalvøya Sør - Barmen - Flatraket - Kommunedelplan for sjøareal (PDF, 4 MB)

Plankart Stadhalvøya Nord - Kommunedelplan for sjøareal (PDF, 3 MB)

Plankart Nordfjord Ytre - Kommunedelplan for sjøareal (PDF, 4 MB)

Plankart Eidsfjorden - Isefjorden - Hundvikfjorden - Kommunedelplan for sjøareal (PDF, 4 MB) 

Samanfatting av alle høyringssvar i samband med offentleg ettersyn - etter 3. høyring (PDF, 863 kB)

Planomtale - Kommunedelplan for sjøareal (PDF, 5 MB)

Tilleggsutgreiing akvakultur og miljøpåverknad for samla plan (PDF, 3 MB)

Tilleggsutgreiing KU og massehandtering (PDF, 3 MB)

KU - sjøareal Stad kommune rev. B, datert 14.06.21 (PDF, 16 MB)