Kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune - vedtak av godkjent meklingsresultat

Kommunestyret har godkjent resultatet etter meklinga og kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune 2022-2032 er med dette endeleg vedteken.

 

Stad kommunestyre har i møte 16.06.2022, sak 22/082 fatta følgjande vedtak:

 

Meklingsresultatet dagsett 23.05.2022 vert godkjent slik det ligg føre.

Kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune vert med dette endeleg vedteken for dei områda og føresegnene det vart fremja motsegn mot. Kart og føresegner til kommunedelplan for sjøareal vert oppdatert i samsvar med meklingsresultatet.

 

Vedtaket er med dette kunngjort i samsvar med Plan og bygningslova § 11-15. Kommunestyret sitt vedtak kan ikkje påklagast. 

 

Les meir: