Kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 – nytt varsel om oppstart for avgrensa revisjon - Haugen – Bustadområde

Kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 – nytt varsel om oppstart for avgrensa revisjon - Haugen – Bustadområde

NO KAN DU KOME MED INNSPEL TIL PLANARBEIDET!
Formålet med planarbeidet er framleis å legge til rette for utvikling av attraktive bustadområde i gangavstand til Haugen skule og barnehage. 

Det har vore stogg i planarbeidet på Haugen ei tid og ny oppstart vart innleia med folkemøte på Vårtun 26.11.2019, der om lag 50 møtte. 

Nordplan presenterte bustadanalyse for Haugen der dei dei har sett nærare på; 
•    Kvar skal utbygging skje?
•    Kven skal bu her?
•    Kor mange tomter er det ynskje om?
•    Kva type tomter/utbygging?
Du kan lese bustadanalysen ved å klikke på vedlagd lenke.

Med bustadanalysen som bakteppe, vart det opna for gruppevise diskusjonar;

•    Kvar skal ein plassere dei nye bustadområda på Haugen?
•    Kva type bustadar ynskjer ein på Haugen (låge blokker/ fleirmannsbustadar, einebustadar, klyngjetun)?
•    Privat eller kommunal utbygging?
Vi har samla innspela i eit dokument som du kan lese ved å klikke deg inn på vedlagd lenke. 

No skal plankartet teiknast og vi treng konkrete forslag om kvar nye område for bustadar skal plasserast. 
Du kan gjerne teikne inn innspelet ditt på eit kart.

Her er lenke til kartutsnitt for Haugen krins 

Frist for å kome med innspel er sett til 25.02.2020.
Merk innspelet med  «16/21104» og send per e-post: post@stad.kommune.no eller post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.