NVE ber om innspel på revisjonsdokument for regulering av Åmelavassdraget, Vanylven og Volda kommunar, Møre og Romsdal

NVE ber om innspel på revisjonsdokument for regulering av Åmelavassdraget, Vanylven og Volda kommunar, Møre og Romsdal

Høyring av revisjonsdokument for regulering av Åmelavassdraget, Vanylven og Volda kommunar, Møre og Romsdal.NVE sender med dette revisjonsdokument for reguleringa av Åmelavassdraget på offentleg høyring. 

NVE har i brev av 25.05.2021 vedteke at vilkåra for følgjande konsesjonar skal reviderast: 

■ Kongelig resolusjon av 16. juni 1972 til erverv av bruksrett til og regulering av Åmelavassdraget m.v.

På bakgrunn av krav vidareformidla av Vanylven kommune og føringa r frå NVE har Tussa Energi AS utarbeidd eit revisjonsdokument som mellom anna beskriv reguleringane og vurderer dei ulempene ein er kjent med. Revisjonsdokumentet leggast no ut til offentleg høyring. Revisjonsdokumentet og fråsegnene til dette vil utgjere ein viktig del av grunnlaget for å fastsette reviderte vilkår. Revisjonsdokumentet er tilgjengeleg på NVEs internettside www.nve.no/konsesjonssaker her.

Generell informasjon om revisjon av konsesjonsvilkår finnast på www.nve.no/revisjon. Dersom du ønskjer ein papirversjon kan du kontakte Terje Myklebust hos Tussa Energi AS, tlf 91516905 eller e-post: terje.myklebust@tussa.no.

To eksemplar av revisjonsdokumentet ligg tilgjengeleg for offentleg gjennomsyn i resepsjonen på rådhuset på Nordfjordeid fram til l. november 2022. 

Alle som har meiningar om saka, kan sende fråsegn på ein av følgjande måtar: 

• via skjema for fråsegner, som de finn på våre internettsider

• via e-post til uttalelse@nve.no (merk e-post med «Fråsegn» og saksnummer 201907463 i emnefeltet, og gi opp namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)

• via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO

Fristen for å sende fråsegner er 1. november 2022.

 

Fråsegner eller delar av fråsegner vil bli referert i innstillinga i saka frå NVE til Olje- og energidepartementet (OED). Om fråsegna er lang, er det difor ein fordel om det er utarbeidd eit samandrag som kan brukast til dette. Fråsegnene er offentlege dokument. Sentrale saksdokument blir lagt ut på NVE sine internettsider.

NVE ønskjer tilbakemelding om man meiner at viktige parter er utelatne frå lista over mottakarar av dette brevet.

l samband med sakshandsaminga vil NVE arrangere ei synfaring. Nærare informasjon om dette kjem seinare.

E-post: nve@nve.no, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO, Telefon: 22 95 95 95, Internett: www.nve.no