MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

Info om vaksine og timebestilling 

Informasjon om KORONATESTING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Offentleg høyring - Søknad om akvakultur til fleire artar ved Langesvaet i Stad kommune

Offentleg høyring - Søknad om akvakultur til fleire artar ved Langesvaet i Stad kommune

Nordfjord Forsøksstasjon søkjer om klarering av lokalitet og løyve for produksjon av blåskjel og sekkedyr, sukkertare, stortare, blæretang, grisetang, søl, fingertare, butare og raud sjøpølse på området Langesvaet i Stad kommune

Det er Vestland fylkeskommune som skal handsame søknaden, men før dei kan ta stilling til søknaden, må den leggast ut til offentleg høyring. Fylkeskommunen har bede Stad kommune om å sørge for at søknaden vert lagt ut til offentleg ettersyn. Frist for å kome med merknadar/innspel til søknaden er i samråd med fylkeskommunen sett til 12.09.2021.

Du kan lese søknaden frå Nordfjord Forsøksstasjon med alle vedlegg her

Har de synspunkt på søknaden kan du legge inn dette her, sende på e-post til: post@stad.kommune.no eller papirpost til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770. Merk brev/e-post med «21/4253» eller «21/26014».