Planprogram for Stad molo og Leikanger indre hamn er fastsett

Planprogram for Stad molo og Leikanger indre hamn er fastsett

Planprogram for detaljregulering av Stad molo og Leikanger indre hamn vart fastsett av Utval for areal og eigedom den 6. september. 

Planavgrensinga er markert med raud stipla linje. 

Utval for areal og eigedom har i sak 22/088 den 06.09.2022 vedteke fastsetting av planprogram for Stad molo og Leikanger indre hamn, med heimel i plan- og bygningslova § 12-9, jf. § 4-1.

Formålet med planarbeidet er å: 

  • Bygge molo som vernar sjølinja ved Leikanger. Denne er i dag utsett for storm og uvêr, samt framtidige klimaendringar.
  • Legge til rette for offentleg transport via sjøvegen. 
  • Legge til rette for turisme og næring knytt til sjø.
  • Legge til rette for utvida næringsformål – oppnå meir næringsareal og kaianlegg for næringsformål.
  • Sikre god estetikk og gode visuelle kvalitetar i utforming av molo og området. 

På grunn av tiltak som kan få vesentlege verknader for miljø eller samfunn og som derfor er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing §§ 6b og 8a, er det sett krav om konsekvensutgreiing med planprogram. Planprogrammet inneheld føringar for konsekvensutgreiinga og det vidare planarbeidet.

Innsyn

Saksframlegg med vedlegg som var handsama politisk kan de lese her: 

Detaljregulering for Stad molo og Leikanger indre hamn - Fastsetting av planprogram

Kunngjering av vedteke planprogram er sendt direkte til grunneigarar, naboar og interessentar i planområdet, og til statlege og regionale styresmakter.

Klagetilgang

Fastsetting av planprogrammet kan ikkje påklagast. Det vil vere mogleg å kome med ytterlegare merknader seinare i planprosessen, når forslag til detaljregulering med konsekvensutgreiing for Stad molo og Leikanger indre hamn blir lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.