Planprogrammet til kommunedelplan for sjøareala i Stad kommune vedteke Stad formannskap har vedteke planprogrammet for utarbeiding av kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune.Kommunedelplanen for sjøareal i Stad kommune legg rammene for ein heilskapleg plan for alle sjøområda i den nye kommunen, der ein har fokus på næringsretta aktivitet i sjøområda.Kommunedelplanen skal vere eit overordna plangrunnlag for fiskeri, hamner, farlei og energiproduksjon i sjøområda, slik at vi har eit godt grunnlag for å vurdere kvar det er tenleg å etablere næringsverksemd. Den skal ta omsyn til viktige naturtypar, kulturminner, verneområder og legge til rette for opplevingsbasert reiseliv i sjøområda og rekreasjon for fastbuande og besøkande. Planprogrammet dannar rammene for arbeidet med kommunedelplanen.Vedteke planprogram (PDF, 2 MB) Publisert19.10.2020 16.10 Sist endra20.10.2020 15.45