MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Sei di meining om kommuneplanen sin samfunnsdel

Sei di meining om kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sin viktigaste overordna plan. Den handlar om kva vi skal satse på og vil vere førande for kommunen si verksemd. Det er difor viktig at innhaldet i planen gir den retninga som vi ønsker at Stad skal utvikle seg i. Korleis skal Stad kommune utvikle tenestene, legge til rette for samfunnsutvikling og løyse oppgåvene best mogleg i åra som kjem? Korleis skal vi møte våre utfordringar og nytte utviklingsmogelegheitene som vi har? 

Stad formannskap har vedtatt å legge ut forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel 2020-2032 til offentleg ettersyn for å sikre at alle får uttale seg før endeleg vedtak. Frist for uttale er 15. august 2020.

Forslaget til kommuneplanen sin samfunnsdel bygger på prosessar i samband med etableringa av Stad kommune, desse var leia av Fellesnemnd for Eid og Selje, innsiktsarbeid der det vart samla kunnskap om utfordringar og moglegheiter i Stad kommune, arbeidet med strategiar for stadutvikling, næring og reiseliv, innspel frå leiarsamlingar, innspel frå fellessamling der alle tilsette var invitert og innspel frå politiske utvalsmøte i Stad. 

Planforslaget

Planforslaget er klart - har vi klart å fange essensen av det vi ønsker å satse på for vidare utvikling av Stad? Kva skal Stad kommune vere og kva utfordringar og moglegheiter bør vi prioritere å arbeide med?

Her kan du lese planforslaget, sjå presentasjonen frå møtet i formannskapet 11. juni og gje dine innspel.

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete

Her kan du lese den politiske saka og vedtaket frå formannskapet 11. juni.

Hovudelement i forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel

Visjonen Verdas beste vesle stad viser retninga for utviklinga fram til 2032.

Posisjonen Distrikstpioner skal setje Stad på kartet og styrke utviklingskrafta vår.

Verdiane som skal kjenneteikne oss:

  • Nær 
  • Raus
  • Skapande
  • Heilhjarta

Samfunnsmålet Stad er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.

Strategiske satsingsområde for samfunnet vi skal skape i planperioden.

  • Heilskapleg og effektiv
  • Samskapande og inkluderande
  • Nyskapande og kompetent

Arealstrategien skal bidra til at måla i samfunnsdelen kan realiserast gjennom arealpolitikken. 

Klikk for stort bilete

Kva skjer i høyringsperioden?

Det vil bli arrangert opne møter for å presentere planforslaget. Kvart møte vil ha samfunnsplanen som tema samt eit lokalt tema.

  • Man.10. aug. kl 18.00-20.00 Bryggja, Bryggja grendahus. Tema: Plan for nye bustadareal.
  • Tys. 11. aug. kl 17.00-19.00 Selje, klubbhuset. Tema: Reguleringsplan sentrum.
  • Tys. 11. aug. kl 19.30 -21.30 Leikanger, Stad hotell. Tema: Reguleringsplan sentrum.
  • Ons. 12. aug. kl 19.00-21.00 Nordfjordeid, Nordfjord hotell. Tema: Sentrumsutvikling.

I tillegg vil ordførar/varaordførar halde utekontor på ulike stadar rundt i kommunen, der alle som ønsker er inviterte til å møte opp å diskutere og gje innspel til planen.

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 "Tour de Stad sommaren 2020" - reiseplan veke 27-28

  • Måndag 29. juni kl 18.00-21.00 Heggjabygda 
  • Tysdag 30. juni kl 16.00-18.00 Hennebygda 
  • Fredag 3. juli kl 10.00-13.00 Hoddevik 
  • Fredag 3. juli kl 15.00-17.00 Ervik
  • Torsdag 9. juli kl 14.00-16.00 Stårheim, Eventyrstallen avd Nordfjord
  • Laurdag 11. juli kl 12.00-14.00 Nordfjordeid, Eidsgata v/Betania
  • Fredag 17. juli kl 15.00-16.30, Flatraket 
  • Fredag 17. juli kl 17.30-19.00, Barmen   
  • Laurdag 18. juli kl 12.00-14.00, Nordfjordeid, Eidsgata v/Betania  
  • Torsdag 23. juli kl 17.00-19.00, Haugen
  • Torsdag 23. juli kl 19.30-21.30, Kjølsdalen
  • Torsdag 30. juli kl 17.00-19.00, Hjelle
  • Torsdag 30. juli kl 19.30-21.30, Holmøyane

Sei di meining innan 15. august

Vi ønsker at du seier di meining om planforslaget. Send skriftleg innspel via det elektroniske innspelsskjemaet. Du kan også sende innspel til post@stad.kommune.no eller via post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid innan 15. august 2020.

Merk med: «Innspel til forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel».

Kven kan uttale seg - og om kva?

Alle interesserte kan uttale seg – både privatpersonar, frivillige lag og organisasjonar, interesseorganisasjonar, næringsliv og formelle høyringsinstansar. 

  • Kva meiner du er bra?
  • Kva meiner du er ekstra viktig?
  • Kva meiner du bør endrast?

Ting vi ønsker dine synspunkt på

•    Kva meiner du/de er Stad kommune sitt/sine viktigaste særtrekk i dag og som vi må bevare framover?
•    Kan du nemne tre årsaker som i dag gjer Stad til ein attraktiv/god stad å leve/arbeide/drive næring? Korleis kan Stad bli meir attraktiv som ein stad å leve/besøke/arbeide/drive næring?
•    Korleis kan vi bidra til å løyse framtida/dagens klimautfordringar her i Stad?
•    Korleis framstår det urbane Stad i 2030?
•    Kva slags utvikling har vi hatt ute i bygdene i Stad?
•    Kvifor skal dei unge og/eller unge vaksne velje å bu i Stad 2030?
•    Kva kjenneteiknar Stad som eit inkluderande samfunn tilrettelagt for deltaking?
•    Kva er bra med å vere ung i Stad i dag? Kva skal til for at det skal bli betre å vere ung i Stad i 2030? 
•    Kva kjenneteiknar tenestetilbodet i Stad i dag?
•    Korleis er Stad eit godt samfunn å leve heile livet i? 
•    Kan du nemne minst tre måtar Stad kan bli ein betre stad å leve/besøke/drive næring?
 

Samfunnsplan

 

Samfunnsplan Stad 2020-2032 pdf (PDF, 2 MB)