Stad kommune ynskjer innspel til kommunedelplan for sjøareala i Stad kommune

Stad kommune ynskjer innspel til kommunedelplan for sjøareala i Stad kommune

Varsel om oppstart av plan og forslag til planprogram for kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker, jf. plan og bygningslova § 11-13.

Høyringsperioden er frå 12. mars - 7. mai 2020.

Målet med planen er å få eit overordna plangrunnlag for fiskeri, havbruk, hamner, farlei og energiproduksjon i sjøområda.

Næringar som kan vere aktuelle for kommunane å legge til rette for gjennom planarbeidet er tare- og biologisk dyrking, dykkarturisme/oppleving/formidling, oppdrett, fiskeri, gruve- og deponiområde. Vi kan òg ha potensielle område for energiproduksjon i sjø

Som følgje av prosessen med Stad skipstunnell og arbeidet med å regulere areal for utnytting av massane til samfunnsnyttige føremål, vil vi sjå på massehandtering frå tunnelldrivinga i dette planarbeidet. Massane skal fraktast til regulerte område med lekter (på sjø) og vi må vurdere moglege næringsareal i høveleg avstand frå tunnell-innløpa. I dag er det i reguleringsplanen for Stad skipstunnell regulert inn eit stort deponiområde i Moldefjorden, dersom vi ikkje finn gode områder langs land til samfunnsnyttig bruk av desse massane, er alternativet å dumpe dei i deponiområdet i Moldefjorden.

Planarbeidet har også mål om å greie ut kvar det er mest høveleg å ha ei fiskerikai i ytre delar av kommunen på sørsida av Stadlandet.

Måla for planarbeidet vert gjevne opp under effektmål, der vi gjer greie for kva det er ynskjeleg at dette planarbeidet skal føre til på lang sikt, og under resultatmål, der vi gjer greie for kva som skal vere oppnådd når planarbeidet vert avslutta.

Effektmål:

· Meir næringsaktivitet i sjøområda våre, som ikkje kjem i konflikt med viktige naturområder, kulturminner, verneområder eller bruken av sjøområda som rekreasjon for fastbuande og besøkande.

Resultatmål:

· Eit overordna plangrunnlag for fiskeri, havbruk, hamner, farlei og energiproduksjon i sjøområda i Stad kommune, slik at vi har eit godt grunnlag for å vurdere kvar det er tenleg å etablere næringsverksemd.

· Eit plangrunnlag for bruken av sjøareala i Stad som tek omsyn til viktige naturtypar, kulturminner, verneområder og som legg til rette for opplevingsbasert reiseliv i sjøområda og rekreasjon for fastbuande og besøkande.

 

Dokument i saken "Kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune" finn du her

 

Ynskjer du å kome med innspel til kommunedelplan for sjøareala i Stad kommune?

 

Innspelskjema sendast til :

E-post: post@stad.kommune.no eller

Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

 

Kontaktperson

Hanne Marie Utvær

57 88 58 00 / 91 10 27 79

hanne.marie.utver@stad.kommune.no