Temaplan for kultur - forslag til planprogram til offentleg ettersyn

Stad formannskap har vedteke oppstart av arbeidet med temaplan for kultur og å legge ut forslag til planprogram til offentleg ettersyn. I planprogrammet vert rammene for planarbeidet fastsett.

Eit planprogram er eit eige arbeidsdokument, som ikkje må forvekslast med sjølve temaplanen. I planprogrammet er det gjort nærare greie for bakgrunn, formål, korleis ein tenkjer å legge til rette for medverknad i planprosessen, korleis planarbeidet skal organiserast og kva framdriftsplan ein legg opp til. Formålet med ein temaplan for kultur er å få på plass eit godt og treffsikkert styringsverktøy, for å stimulere til eit mangfaldig kulturtilbod av høg kvalitet i heile kommunen.

Sei di meining innan 15. oktober!

Vi ønsker innspel til planarbeidet og innspel til planprogrammet. Send skriftleg innspel via:

Les planprogrammet og send innspel til høyringa

Når høyringsfristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planprogrammet for temaplan for kultur vert lagt fram for endeleg behandling. Arbeidet med sjølve planen vil halde fram til neste år.