MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Varsel om endra planavgrensing for Selje sentrum

Varsel om endra planavgrensing for Selje sentrum

Klikk for stort biletePlanområde (opphavleg planområde med skravur)  I utvalsmøte for Areal og Eigedom 28.09.2020 SAK 20/125, vart det i medhald av Plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8, vedteke å legge forslag til endra planavgrensing ut til høyring og offentleg ettersyn

Planområdet er foreslått utvida til å ta med fylkesveg 618 aust til Hammerviksvingen, med det formål å planlegge gang- og sykkelveg på denne strekninga. Dette er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel for Selje 2017-2029, der linje for gang- og sykkelveg lagt inn på nedsida (langs sjø) av fylkesvegen. Plangrensa er difor lagt 8 m frå sørleg vegkant. Dette vil gi plass til 3 m brei gang- og sykkelveg i 3 m avstand frå fylkesvegen, og annan veggrunn på utsida av gang- og sykkelvegen. Vidare er utvalde avkøyrsler og kryss på nordsida av fylkesvegen teke med i framlegget til planområde, slik at ein i planarbeidet kan vurdere utbetring av desse. 
Vedtak:
"I medhald av Plan- og bygningsloven § 12-8, vert det varsla endra planavgrensing for detaljregulering av Selje sentrum. Framlegg til ny planavgrensing går fram av vedlegg, bilete nr. 7. Planarbeidet skal gjennomførast i samsvar med Plan- og bygningslovens kap. 12 og som detaljregulering i medhald av pbl. § 12-3. Grunneigarar, naboar og aktørar blir varsla direkte. Frist for å kome med innspel vert sett til 06.11.2020."  

Saksdokument - Saksutgreiing og vedlegg som viser planavgrensinga i detalj - kan hentast i kommunen si innsynsløysing.

Opplegg for medverknad
Kommunen ynskjer tidleg involvering av fagetatar og ressurspersonar for å diskutere tettstadutvikling og korleis gjere dei rette vala for at Selje skal utvikle seg som tettstad. 
Det skal vidare leggast opp til ein planprosess der berørte partar får høve til å medverke, før det vert fatta endeleg vedtak om arealbruken i området. Det skal t.d arrangerast folkemøte. 

Grunneigarar, naboar og aktørar i området som vert berørt av ny planavgrensing, vert varsla direkte.

Frist for innspel er sett til 06.11.2020.

Ta kontakt dersom de har spørsmål til plandokumenta. Har de merknader eller innspel til planframlegget, kan desse rettast skriftleg til Stad kommune v/Plan og forvaltningsavdelinga, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, eller elektronisk til post@stad.kommune.no. Merk innspelet med "Sak 20/1035".